• Besøk på Tinghaug, tidlegare kunstnarbustad. Her får ein også kjøpt kaffi og kaker.
  • Guida tur til industriarbeidarmuseet.
  • Middag kjøper vi på Kløver hotell.


Knapphus buss køyrer frå Ølen senter kl 10.00 Pris for tur og program kr 250,- pr person

 Påmelding innan torsdag 17. sept. Til Jone Hatteland tlf. 91101617 e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 Sogelaga og mållaga i Vindafjord, Etne og Skånevik-

 

HISTORISK TUR TIL SAUDA.

Blir du med på ei guida historisk reise til Sauda nest siste helga i september?
Det er to interessante mål me har for dagen. Fyrst besøkjer me den restaurerte kunstnarbustaden Tinghaug, etter saudamålaren Samuel Tveit og seinare sonen, kunstnaren Eiel Tveit, bygd i 1927. Her slo kunstmålaren Samuel Tveit seg ned med familie, etter stor kunstutdanning i Utlandet.
 Interessant er det at far til Samuel kom frå Etne og heitte Eiel Hansson Frette. Han møtte kona si på garden Tveit i Saudasjøen. Kunstmålaren Samuel Tveit har mellom anna måla altartavla i Grindheimkyrkja.
 Historia om familien Tveit og korleis Tinghaug har blitt ein populær møtestad for saudafolket og andre tilreisande, vert fortalt oss av Torgeir Olav Tveitane. Han fortel og om korleis kunstnarbustaden har blitt ivaretatt og restaurert av ei interessegruppe, som fekk overta eigedomen for kr.1 av Sauda kommune, då han var til nedfalls.
På Tinghaug kan ein få kjøpa kaffi og kaker, som kan smaka etter bussturen til Sauda.
Etter besøket på Tinghaug går turen til ” Åbøbyen”, der to guidar frå  sogelaget  tek oss med inn i historia til industriarbeidarmuseet, ei forteljing om eit samfunn, som omfattar korleis folk arbeidde, levde og budde i Sauda for 100 år sidan. Smelteverket, fabrikken feira 100 årsjubileum no siste helga i august med stor festivitas. Det som også er interessant med denne turen er at mange frå vårt distrikt vandra over fjellet til Sauda til ein sikker arbeidsplass.
Etter historisk tur, vert det felles middag på det nyoppussa Kløver hotell, før me startar på heimveg.
På denne bussturen er det plass til deg, om du ikkje er medlem i sogelag eller mållag. Alle interesserte er hjarteleg velkomne til å vera med.

Beste helsing Skjold og Vats, Imsland, Vikedal og Sandeid, Bjoa og Ølen sogelag og Vindafjord og Etne Mållag.