Imslandsjøen og Vindafjorden

Innleiing

Mor mi fekk denne artikkelen av Sigurd Aasbø, gardbrukar frå Ølmedalen. Eg tykkjer innhaldet er så interessant at andre også må få lesa stykket. Den eldre generasjonen kan sikkert hugsa korleis det var, og vi yngre har godt av å bli minna på det.

Eg har derfor spurt familien om lov til å leggja dette ut på internet. Bileta har eg sjølv valgt ut, men ellers har eg ikkje gjort endringar i teksten.

Manuskriptet var datert 1997, og tittelen han sjølv brukte var:

Tak vare på den gamle bygde-kulturen!

Imslandsjøen før krigen

Bileta viser:

  1. Postkort frå Imslandsjøen, truleg teke rundt siste verdskrigen
  2. Nyleg teke bilete frå krambua til Theodor Imsland.
  3. Kaien ved Imslandsjøen teke pinsen 1910. Mannen med kvitt sjegg er Hans Andersen. Ein ser også Theodor og Hansine Imsland og Laura Imsland.
  4. Tjerand Solheim eller Gjøa-Tjerand. Han døydde i 1937.
  5. Lars K. Staurland med den gamle fyrlykta til Syvert.

I dag har me snarkjøps-butikk og handelslag, me har traktorar og bilar, meir enn me har bruk for. Men slik var det ikkje i 1920-30 åra. Då var Imslandsjøen sentrum og samlestaden for alt her i Imsland, her var posten, telefonen, bedehus, kommunehus, banken og kyrkja, og to krambuer. Syvert Døske dreiv landhandel i huset opp av kaien, og lenger burte i kyrkjegata handla Theodor Imsland.

Butikken til Theodor Imsland

I dei dagane var der ingen snarkjøpsbutikk, nei, då var det krambu. Der var hyller frå golv til tak med krambuvarer, klevarer, bakarvarer, hermetikk og tobakksvarer, og alt var innafor disken. Eit lite rom ved sida av var kontor, og det var der pengeskuffa var. Oppe under taket hang kuband, tjor, rivehovud, sauebjeller, flagremuslykter, spann med drops i, messingstreng og store buntar grå og kvite pappirposar.

Folk hadde ikkje så mykje pengar då, så ein kjøpte berre det som var meste naudsynt. Eg kan minnast at me ungane laut gå til sjøen på handel, det var helste sirup og jær, og så parafin-spanne. Ein laut ha noko på lampen og lykta og då. For det meste var det å gå på treskor, eller sumarsdag jekk me berrføtte. Det var ikkje langt mellom kvar hestelorten på vegen heller då, og maurtuene stod fram etter veg-skråningane som store høysåter.

Eller om kveldane då me jekk til dampen. Det var gamle dampen som kom i dei dagar, det var som regel tysdag, torsdag og laurdagskveldar den kom. Det var gamle "Sandeid" , "Hjelmeland", eller "Haukelid". Dei jekk med damp-maskin så svarte kol-røyk velte ut or pipå og fyrbøterar som langa kol så sveiten rann i maskinromet. Og så var det "Vindafjord", det var motorskip. Den jekk med motor, men det var ikkje disel, nei då, det var gamaldags tøff-motor. Den risste litt, og finare folk føretrakkte å fylgja dampen.

Kaien ved Imslandsjøen, pinsedag 1910

Det var alltid folksamt på krambua til Syvert dei kveldane dampen kom. Det var mange stubbar som vart fortalde då, og så mykje nytt å høyra, at det ein ikkje fekk høyra der var ikkje vert å høyra ein gong.

Men når dampen bles, var det ut med heile jengen. Syvert som var dampskips-ekspeditør jekk føre med den store firkanta lykta med parafinlampen i. Eg tykkjer eg ser ho endå, den eine sida hadde raudt glas og den snudde ut mot sjøen. Det var det gamle fyrmerke på Imslandskaien og andre stader og.

Deim som kom frå byen, stod alltid frampå luka, og når båten var fortøya og landgangen lagd ut, var det å koma seg på land, pakkar og kuffertar og slikt vart slengde opp på kaien, og så var det til å køyra vinsane med dunder og brak. Det var å låsa opp kassar, parafintunner, serupstunner, halmballar, grisungar og til slutt ein stor dunge med hundrad kilos mjølsekker, så ein kunne snaut tru at kaien heldt.

Når båten var faren sin veg, då var det til å løysa hestane som hadde stade bundne og frostne, og få lasset på. Og så var det med store fart på heimvegen.

Fyrlykta Tjerand Solheim

Når alt var stilna av og alle var farne sin veg, då var det originalen gamle Jøa-Kjerand til å hjula alle sekkene inn på sjøhuset, han hadde 5 øre for kvar sekk, og det vart mange 5-øringar det.

Ei krona var ei krona og 5 øre var 5 øre i dei dagar. Men i dag er det ingen landhandel med Imslandssjøen. Det har handelslaget oppe i Ølmedal yverteke, der er ingi lykt som lyser lenger på Imslandskaien, den er bytta med ei ljospera, og gamle dampen kjeme aldri meir.

Der er ikkje lenger postkontor og ingen telefonstasjon lenger. Den er flytta til Vikedal og Sandeid. Ikkje kommunehus og ingen sparebank, og likningskontoret er kome ute i Skjold. Hesten er utkonkurerte av traktoren, og bilar har her vorte så mange av at det har vorte ei rein landeplaga.

Alle veda-la som stod frametter vegane kvar vår, er ikkje å sjå lenger, den elektriske straumen har yverteke. Det er berre å skrua på knappen. Ljosperer er komne i staden for parafinlampen, og flagremuslykta heng ikkje lenger under fjoslemmen. Dei gamle konene med mjølkespanne, dei høyrde og med til den gamle bygdekulturen, dei er heller ikkje å sjå lenger. Dei gav av det dei hadde og var takksame for det dei fekk. Men i dag kjøper ein mjølka i pappkartongar på handelslaget. Spør aldri om prisen, skal berre ha så og så mange kartongar, nei då klagar dei heller på skatten, og ein har vel ein grunn for det og.

Då var dei meir nøgde med det dei hadde, sjølv om det ikkje altid var så mykje. Kunne gå i dugnad og hjelpa kvarandre når det trongst å taka eit tak, og dei hadde tid. Tid til å gå innom og drikka ein kopp kaffi, og slå av ein prat.

Lat oss taka meir vare på den gamle bygdekulturen, tenkja meir over det, før det går heilt i gløyme for komande slekter, for det er ikkje berre segner og romantikk.

Ivar Aasen seier det i så sterke ord:

Lat oss ikkje forfedrane gløyma gjenom alt som me venda og snu, for dei gav oss ein arv til å gøyma, han er større enn mange vil tru.

Ølmedal 1997

Sigurd Aasbø

Tilbake til toppen / mine historiske artiklar

Theodor Imsland
Adresse: Imslandssjøen 191, 5583 Vikedal
Telefon: 527 60 268
Mobil-telefon   : 945 13 615
E-mail: theodori@online.no
Oppdatert februar 2016