Huset på Foss

Staden i dag

Gamalt og nytt hus

Familien er så heldig å ha ein eigedom ved Imslandsjøen i Vindafjord. Staden har tilhøyrt familien frå midt på 1800-talet. Eg arva han frå Theodor Imsland, bror til bestefar min, i 1954. Sidan huset stod tomt, flytte besteforeldra mine, Gemelia og Severin Hustveit i huset i 1955 og budde her til dei døydde (1970/78).

Vi byrja å bruka staden som fritidsbustad då vi flytte frå Oslo i 1975. Husa var då i heller dårleg forfatning, og sidan den tid har vi gått over og vølt alle husa etter tur. Vi har ikkje hatt råd til leigehjelp, så heile familen har vore med. Særleg svigerfar Martin Struen har vore til stor hjelp, både med arbeid og med å læra bort arbeidsmetodar ved byte av glas, dører osv.

Vi synest det er viktig å behalda "sjela" ved Imslandsjøen, og bestemte oss derfor å behalda mest mogeleg av bygnings-miljøet vårt slik det var.

I hovudbygningen er der ei gamal krambu frå sist på 1800-talet. Denne har vi latt stå slik ho var då handelen tok slutt noko før 1950. I hyllene har vi sett opp ein del verktøy, bøker og saker og ting frå drifta på staden. Der er og ein del skomakar-utstyr frå bror til bestefaren min, Andreas Svendsen frå Espevik i Nedstrand.

I 1999 var vi stort sett ferdige med å vøla alle husa utvendes, og vi var ikkje lite stolte då Olaug og eg fekk tildelt byggeskikk-prisen frå Vindafjord kommue for 1998.

Då Theodor tok ut AFP pensjon i 2007, byrja vi å byggja nytt hus på eigedommen. Huset vart ferdig til innflytting sommaren 2008, og vi flytta frå Stord same hausten. Biletet viser gamalt hus til venstre og nytt hus i midten.

Historiske opplysningar.

krambu - tobakkhylle

"Foss" vart skildt ut frå Imslandsgarden i 1898, då eigaren Torjus Imsland d.e. gjekk i folge. Sonen Theodor Imsland fekk då hand om eigedomen. Med i avtalen var også fallrettane til Imslandsfossen og sagbruket ved elva. Fallrettane vart selde rett etterpå. Sagbruket vart seinare overteke av Endre Fjetland.

På eigedommen stod på den tida hovedhuset med butikk, bakeri og sjøhus og eit par naust. Dei tilhøyrde då Morten Osmundsen som hadde drive handel her i nokre år. Theodor kjøpte desse og Morten flytte til Vikedal, og starta opp med handel der. (Morten kom frå Øygarden og var tremenningen til Theodor.)

Handel

Theodor dreiv som handelsmann på den måten det var vanleg i dei dagar. Han dreiv krambu, men tok også imot og selde vidare produkt som folket hadde å selja. Det kunne vera ved, egg, bær, kjøt og fisk. Når ein ser tilbake i dei gamle bøkene, er det gjerne slik at ein betalte krambu-varene med eigne produkt. Lars Fjetland fortalte at det alltid stod eit veda-la utanfor huset. Dei som hadde smått med penger, kom gjerne med eit par tønneband med ved, i byte for dei mest naudsynte varene.

Theodor fekk telefonstasjon ved Imslandssjøen i 1905, og var den einaste i bygda som hadde telefon heilt fram til 1917. Han var med å starta Imsland Sparebank i 1916, og var første styreformann. Dei hadde først kontor i eit lite rom i bedehuset.

I 1909 var han med å skipa Ryfylke iskompani saman med Christian Finvik. Dei fekk rett til is-skjæring på Sjøljavatnet og dreiv her fram til 30-åra. På krambua har vi stillt ut is-sager og is-klyper frå den tida.

krambu - skildt

Bakeri

Til krambua var det også bakeri. Bakerar var først Hans Bjortveit d.e. Seinare Osmund og Hans Bjortveit. Ei tid baka også Lars Fatland. Det var også bakeri ved den andre handelsstaden ved Imslandssjøen. Ei stund var det då slik at bakarane baka nokre dagar i veka hjå Theodor, og nokre dagar i bakeriet hjå Halvorsen/Edvart Imsland. Bakeriet vart drive fram til 1924.

"Bakhuset" står ennå, men bakarovnen vart dessverre riven rundt 1960. I krambua har vi teke vare på den gamle "kringlegryta", brød-spadar og diverse anna utstyr frå bakeriet.

 

kontor

Løa

Theodor sette opp ei lita løe då han tok over. Her var det plass til eit par kyr og nokre sauer. I nedre delen av løa vart det innreia eit kontor med etasjeovn og pipe. Frå 1917 var her postopneri. Ingeborg Imsland overtok då etter broren Edvart, og sat her eit år før kontoret vart flytta over i huset hennar. Frå 1919 var her telefonstasjon. Han vart driven av Jenny Døske og seinare Gemelia Døske fram til 1932 då han vart flytta inn i huset til Gemelia .Rommet vart under krigen og seinare nytta som kontorplass for forsyningsnemnda.

Frå 50-åra vart rommet brukt av ungane til å leika i, og har seinare blitt kalla "studle-huset".

Sjøhuset

Sjøhuset vart også nytta i handelsverksemda. Det er truleg det eldste huset på eigedomen, med trenaglar i reisverk og i det eldste av kledninga. Huset står nå på støypte/murte pelar, men stod før på eit bindingsverk av tømmerstokkar. Det er påbygd og utstyrt med vindeheis etter 1890.

I øvre delen av sjøhuset er der ei lita tømra stova. Gemelia Døske fortel at det rett etter århundreskiftet budde ei kone her som dei kalla "Bimla Bomlå". Mannen var reist til Amerika og ho budde her åleine med to ungar nokre år, før han sende penger, slika t dei kunne reisa etter. (Ein av sønene vart seinare gift i USA med Elen Aksland, søster til Marcus Aksland.)

Saga

I bygningen vi kallar "Saga" dreiv Theodor bøkkerverksemd. I øvre delen (som no er riven) var der ei grua kor ein varmde tønnene. Me har att ein del bøkker-verktøy, som er utstillt på krambua. På lemmen i våningshuset har vi eit rom som heiter "bøkker-rommet" kor den innleigde bøkkeren hadde sitt losji.

Då Olav Fjetland bygde kraftverk i Imslandsfossen i 1920-åra, fekk Theodor avtale om levering av straum til sag. Her vart det skore både tønnestav, materialer for sildakassar og lok, og seinare stav til "land-tønner" for jordbruket. Mandius Døske dreiv saga fram til det vart slutt tidleg i 50-åra.

Skonnertbriggen Imsland

Skipper Hans Andersen.

Theodor gifte seg i 1901 med Hansine Andersen. Ho var dotter til skipper Hans Andersen frå Stavanger. Hans Andersen var skipper på skonnertbriggen "Imsland" i 7 år. Skuta vart bygd av Torjus Imsland i 1875 på beddingen ved kyrkja, og han beheldt ein eigarpart i henne. Då dottera gifte seg med Theodor, flytte Hans Andersen til Imsland og budde nokre år på Busshamar før han i 1906 bygde hus på "Foss", rett over vegen frå Theodor og Hansine. Hans var flink med hendene. På Stavanger Museum finnst to skipsmodellar som han bygde. Vi har mykje høvlar og verktøy etter han, alt merka med initialane HA.

Hans Andersen førte også skonnerten Edda i fleire år. Ho vart bygt på Sand. Edvart Imsland eig maleriet av Edda.





Tilbake til Historiske artiklar / toppen

Theodor Imsland
Adresse: Imslandssjøen 191, 5583 Vikedal
Telefon: 527 60 268
Mobil-telefon   : 917 53 446
E-mail: theodori@online.no
Oppdatert januar 2016