Skonnert "Edda"

Imslandssaga

Imslandssaga 1910

Den gamle Imslandssaga stod på austsida av elva. Her var to sager, ei oppgangssag også kalla "Gammelsagen" og "Cirkelsagen". Denne siste vart mest nytta til å skjera naglar, som det ser ut til å gå utrulege mengder av.

Imslandssaga vart teken av storflaumen som heilt lokalt råka Imsland på Jakob Våthatt, 25. Juli 1896. Elva tok begge saghusa, 8 andre hus, tre kverner, tre tørker og ei stampa. Bordsstoplane rek rundt omkring i heile fjorden. (Ref 3)

Saga vart bygd opp att på austsida av elva. Sjå biletet som er frå 1910.

"Saugboka" er frå perioden 1868 til 1888 og dekker derfor store deler av skipsbyggingsperioden i Ryfylke. Dersom ein studerer boka systematisk, kan ho gi interessante opplysningar om aktiviteten ved dei ulike verft langs Vindafjorden, men også andre kunder

"Saugboka" er ført svært spesifisert, særleg fram til 1873/74 då det er oppgitt både tal og dimensjonar på plank og bord. Seinare blir ho meir uspesifisert.

Sageoppdrag for skipsverfta i Vindafjorden.

Til verfta langs fjorden er det levert ulike typer materiler. Dei er nemnde som Bord, Baadsbord, Lægter, Planketømmer, Sidebord, Nagleved, Hudningsplank, Dekksplank, Børingsbord, Skansekledning, Baadstokker m.v. Alt dette vart skore på oppgangssaga, eller "Gammelsagen" som ho vart kalla.

I tillegg vart det levert utrulege mengder naglar. Dei er skorne på sirkelsaga. Dei blir levert i "hundre" eller "tusund", av og til med angitt dimensjon på denne måten:

Kunde Levert Sageløn (Spd)
Imslands Hverft 3 1/2 tusund Nagle 16/ 4 - 1 - 21 (Ref 4)

Ser vi på mengda som blir skore på saga kvart år, følgjer dette ganske nøye tala for bygt tonnasje i distriktet.

År Tonnasje i kml (Ref 5) Gammel sag Cirkelsag Restanser
1868589,5127-1-0824-0-00
1869909133-4-1234-0-00
1870129118-4-1233-3-02
187158799-4-0425-1-14
18721277,5124-1-1022-3-0252-3-16
18731440179-1-2328-1-1670-3-05
18742112268-2-1436-2-1779-3-19
18752065204-4-2213-2-09204-3-00
18763616171-2-091-0-1589-2-11
18772035168-4-11
18781219134-4-10
Saugbok for Imslandssaga

Dei store åra på saga er 1874 og 1875, og det største året for levert tonnasje er 1876.

Dersom vi tek 1874 som eksempel, vart det levert til følgande verft:

Verft Sageløn (Spd)
Imslands Hverft/T. Imsland90 Spd
H. Halvorsens Hverft35 Spd
Anbjørn Birkeland20 Spd
Niels Langelands Hverft20 Spd
Fredrik Haagenvig18 Spd
Jacob Lilleøens Hverft16 Spd
Svend Notevaag16 Spd
Thor Findviks Hverft14 Spd
Morten Haagenvig4 Spd
Saugbok for Imslandssaga

Det er levert materialer til Fredrik og Morten Magnus i Hogganvik mest kvart år. Det vart aldri levert store kvanta til Hogganvik. Det meste er naglar. Unntaket er i 1877 kor Morten var største avtakar ved saga.

I 1875 er "Sven og Halvor" nevnt saman. Truleg er dei saman om å byggja eit skip i Notavågen. Anbjørn Birkeland byggjer då truleg ved verfet til Halvorsen ved Imslandssjøen.

Torjus er også største avtakar frå saga i 1875. Han leverte "Imsland" våren 1875, og skjer truleg då materiell til sitt neste skip "Activ" dette året. Dette vart levert i 1876. Seinare vart det ikkje levert skipsmaterialer til Torjus.

Anbjørn Birkeland får levert skipsmaterialer mest kvart år heilt frå 1868 som er det første året boka omfattar. Dette året er det også levert til Johannes Vaagen. Andre som har fått skore materialer for skip er Lensmand Ubø og Dave Røgenes/Stokka. I 1870 er det også levert skipsmaterialer til "Erik Haring", somme stader også kalla "Haringen". Truleg må dette ha vore ein omreisande skipsbyggjar frå Hardanger.

 

Andre leveransar

Kvart år er det skore materialer for mange folk i bygda, til ulike formål.

Mellom anna er det også kvart år skore tønnestav og "Baannebord " (bunner ) som blir levert til ganske mange lokale personar rundt fjorden. Jacob Imsland, også skrive Jacob Imslandssøen og etterkvart "Gamle Jacob", er ein av dei som får levert ganske mykje tønnestav kvart år.

I 80 åra vart det ogå levert større mengder til Stavanger, f.eks i 1884:

E. Berentsen, Stavanger 28.670 stk tønnestav og 118 Læster Baannebord.

Det er også mest kvart år skore "hustømmer" til ulike folk i bygda. Kanskje kan ein finna ut kor gamle husa på garden er?

Ein kan nemna:
1869: Hustømmer til Morten Ødegården, Gudmund Madsen, Anfin Johnsen Imslandssøen og Torjus Imsland. Det er også skore større mengder til Søren Baade.
1870: Hustømmer til Anbjørn Birkeland
1871: Hustømmer til Bjedne Kvaløen. Sjur Rødne har skore "Fjøstømmer", og ein har skore "En store lindestok" for Tjerand Tostenbø
1872: Hustømmer til Johannes Vaagen og Sjur Øen
1873: Hustømmer til Joleik Haugen. Gudmund Storø har skore for 5 Spd, uvisst til kva formål.
1876: Hustømmer til Torbjørn Imsland, Rasmus Hustvedt.
1877: Hustømmer til Ole Røe, Nils Langeland og Jens Qualøen.

I 1873 og 1874 er det skore tømmer til Bedehuset ved Imslandssjøen. Det vart truleg bygd i åra etter.

Boka seier ikkje noko om kven som er eigar av saga i starten av denne perioden. Torjus Imsland tok over Imslandsgarden i 1864. Saga høyrde då ikkje til garden, men eigaren betalte leige til garden. I "Saugboka" står det at det er utbetalt 12 Spd til Steffen Steffensen i 1969, noko som kan tyda på at han var eigar/deleigar på denne tida. I 1876 står det "Som eier av Saugen T. Imsland". Han må difor ha tatt over saga ein gong før dette.

Det ser ut til at sageigaren har hatt rett på halve sageløna. Den andre halvparten må då ha gått til sagmeisteren. Dette var "John" og "Leif" i første del av denne perioden. John Anfinsen kom frå Øspevik. Ivar Finvik skriv i ein artikkel at det stod måla Jone Saugmeister på ferdaskrinet hans.

Son hans, Anfin Jonsen, fekk skore hustømmer i 1869. Huset hans står ennå ved Imslandssjøen.

"Leif" kan ha vore Leif Sørensen Birkeland, men det veit eg ikkje sikkert.

Utover 1880 åra er aktiviteten ved saga liten og føringane blir etterkvar sporadiske. I 1885 er der ingen føringar. Anbjørn Birkeland er største avtakar.

I 1886 er Endre Larsen Fjetland og Torkel Imsland nevnde som sagførarar. Nokre år seinare også Ole Olsen. Siste oppføringane er gjort i 1891. Den store epoken til John Saugmeister og Leif er over.

Då Torjus Imsland delte garden mellom tre av sønene i 1898, vart fallrettane og saga overført til bruket "Foss" og sonen Theodor Imsland d.e.

Rundt 1930 bygde Olav Fjetland kraftverk i fossen. Saga vart då flytta til " Kvitlå" på andre sida, der oppdrettet er i dag, og vart etterkvart kasse- og pallefabrikk. Theodor Imsland d.e. som disponerte fallrettane, fekk også straum til å starte sag og bøkkerveksemd borte ved kyrkja.

Tilbake til toppen / Skipsbygging / mine historiske artiklar

Theodor Imsland
Adresse: Imslandssjøen 191, 5583 Vikedal
Telefon: 527 60 268
Mobil-telefon   : 917 53 446
E-mail: theodori@online.no
Oppdatert januar 2016