Skonnert "Edda"

Vervartida (Ref 1) i Ryfylke reknar ein perioden mellom 1850 og 1880. Frå 1860 og utetter til 1880 kan verksemda her reknast som industri som også talde med i landsmålestokk. I året 1876 vart 14% av all tonnasje i landet bygt her i bygdene. (Ref 2) Kundene var stort sett reiarlag i Stavanger som dreiv stort i utanriks fart.

Som mange kjenner til, var dei største og viktigaste vervane i Hogganvik. Men i den mest hektiske perioden var der vervar kring heile Vindafjorden. Mange stader bygde dei for Magnus-brørne i Hogganvik, men tildels bygde ein også for eigen rekning.

Også i Imsland var der fleire vervar. Mellom anna ved Imslandsjøen, i Notavågen, Kvaløyberget og i Finnvik. Ved Imslandsjøen var der to vervar. Her bygde desse:

Imslandsjøen 1890

Anbjørn Birkeland

Den største verven ved Imslandsjøen låg heil aust ved elvosen på " Kvitlå". Det var truleg Halvor Halvorsen som stod for oppstarten her, kanskje saman med Morten Magnus. Seinare overtok Anbjørn Birkeland verven og bygde mange store skuter her i 1870 og -80 åra.

I Hogganvik gjekk Magnusbrørne konkurs og slutta av tidleg på 80-talet, grunna sviktande marknad og på grunn av at dei hadde vore med å finansiera skipa sjølv. Men Anbjørn Birkeland bygde skip etter skip her ved Imslandsjøen i ti år til. Sjå oversikt. Det siste gjekk av stabelen i 1891 og fekk navnet "Perlen".

Det må vera "Perlen" som ligg på beddinga på dette bildet frå Imslandsjøen, frå 1890.

Torjus Imsland d.e.

Torjus Imsland hadde også verv ved Imslandsjøen. Denne låg på austsida av kyrkjegarden. Truleg byrja han å byggja mindre jekter på slutten av 60-talet. I alle fall har han fått skore skipsmateriell også i denne perioden. Vi veit han bygde to større skip. Det var skonnertbriggen "Imsland" " og skonnertskipet "Activ". Sjå oversikt. Her var liten plass for så store skip. Skipa rakk heilt opp til den gamle kyrkjeporten, og etter det som vart sagt, måtte kyrkjefolket bøya seg under akterstevnen for å gå inn porten. Sjå porten på biletet over. (Det er mest truleg at "Activ" også vart bygt her, men eg har ikkje funne sikre prov på dette).

Sjå bilete av Torjus og kona Aasa til høgre.

Torjus og Aasa Imsland d.e.

Theodor Imsland d.e. hadde tatt vare på ein del gamle dokument og bøker frå denne tida. Det gjeld:

a) To kladdebøker frå perioden 1872-1875. Les om desse her.
b) Ei kladdebok frå smeden Jens Andersen Vågen.Les om denne her.
c) "Saugbog" for ImslandssagaLes om denne her.

Eg har også funne eit par sider av ei kontrabok for bygging av galeasen "Sandeid" Den ser ut til å innehalda sesifikasjon av alle utlegg i samband med bygginga.

Papira gir ingen opplysningar om kven som er byggmeister, men truleg er det Torjus Imsland. Eg har ikkje funne skipet i listene til andre kjende båtbyggjarar i distriktet.

Til høgre ser vi ein kopi av eine sida.

Kontrabok for "Sandeid"

Tilbake til toppen / mine historiske artiklar

Theodor Imsland
Adresse: Imslandssjøen 191, 5583 Vikedal
Telefon: 527 60 268
Mobil-telefon   : 917 53 446
E-mail: theodori@online.no
Oppdatert januar 2016