Torjus Torjusson Hustveit - Glimt frå ei ættesoge

Fortald av Oluf Bjelland, Imsland.

Jone-huset på Hustveit For nokre år sidan fekk eg kopi av ein artikkel som avdøde lærar Oluf Bjelland hadde publisert i dagbladet Rogaland. Dette er ei historie som har hendt Torjus Torjusson frå Hustveit i Sauda. Denne Torjus er stamfar til Imsland- og Øvregård-familiane i Imsland.

Torjus-navnet har gått i arv i generasjon etter generasjon i denne familien. Den siste i rekkja var Torjus Torjusson Øvregård som døde i 2013. Han er den sjuande Torjus i ubroten linje.

Jone-huset (til venstre) på Hustveit-garden er i dag freda og overteke av Ryfylke-museet. Det er ope for publikum til fastsette tider i sommar-halvåret. Huset vart bygd få år etter at vår Torjus flytte til Vikedal. Bileta som er teke med her, er frå Hustveit og er tekne i 2002 og 2005.

Theodor Imsland

Oluf Bjelland fortel:

Torjus Torjusson Hustveit vart fødd for vel 200 år sidan (1750), og så vidt eg veit, er det ingen ting nedskrive om han. Likevel lever segnene om han den dag i dag i heimegrenda hans, Hustveit-kverven i Sauda.

Torjus var ein kjempekar og dertil mjå som ei vidje og sprek som ein ål, så ein skal ikkje undrast på at han gjekk frikar kvar han kom. Og slagsmål var han oppe i rett som det var. Ein gong kom han i skade for å rundjula ein kar så ettertrykkeleg at han kom for retten. Men så vidt eg har frett, så fekk dei ikkje noko på han.

Ei tid seinare var han gjetlegut ein sommar. Dei måtte ha vaksne karar til å gjeta der på traktene den tida, for det slong både bjørn og ulv i markene – og sumt anna med, skal me høyra.

Kvernhuset i dag

Mjølkestølen var godt inngjerd. Og i elva nedom Sjonhammaren, dei kalla, eit stykke frå stølen, hadde dei sett opp ei klamre som gjekk med vatn og bræla og braka fælt for å skrema rovdyra.

Men verken klamre eller stølsgjerde greidde å halde dei tobeinte tjuvane borte. Så gjekk det ikkje betre enn at då Torjus kom til støls ein morgon og skulle ta seg av krøtera, så krydde det med fantar kring heile stølen. Og jamensan hadde dei godtgjort seg på morgonkvisten! Somme hadde vore i kvernhuset, eit stykke ned om stølen, og stole grautmjøl. Andre hadde mjølka kyrne. Så hadde dei koka og ete og drukke mjølk til, heile hurven, og var verkeleg velforsynte då dei flirande – på fantevis – taut or inngjerdet og nedetter langs elva.

Og Torjus stod att på stølsvollen og klækja nok i neveknokane etter å klå pakket på si vis. Men, for mange var for mange, så han tok seg av krøtera og let fantane gå.

Ei stund seinare såg Torjus at fantane hadde rotta seg til kringom og under kvernhuset. Eit par av dei hadde endåtil vagla seg på kallspilene. Det var svalt og godt å vera der i sommarvarmen, og nå nytta dei høvet, både den eine og den andre, til å skrella av seg ein del kleplagg og leita etter seksbein levande i fillene sine.

Men best det var, der kom vatnet fræsande ned gjennom sloket og deiste til i kallen så rok og fok og fantar og filler fauk hulter til bulter! Og buldrande og bannande, kvinande og kvinkande, alt etter alder og kjønn, krylte taterflokken seg bort frå kvernhuset, våte og pjuskete som ein muta hønseflokk etter ei torebye.

Fossen Fossen

Me treng nok ikkje vera i tvil om kven som var meister for det spikket. Men Torjus kom ikkje heller smikkalaus frå leiken. Stengeluka i sloket var heilt frampå brotet ovom fossen. Og med det same han opna for vatnet, snåva han og fauk hovudstupna i fossen. Men som den spreke karen han var, gjorde han eit rundkast og hamna i ein djup høl kring 20 meter lenger nede og nauva ikkje det grand.

Det verste var at fantane såg han, og ville gjera opp på ståande fot med syndaren. Men Torjus kom seg til lands, la på låpa og smøygde seg bort, så fantedroga måtte dra seg ut or grenda utan å få has på han.

Eit par år etter, var Torjus eit ærend inni Hauen, dei kalla. Då kom han av vanvare rett opp i det same fantefylgjet. Og nå smeikte dei og smilte dei og baud både på dram og goddrøs, alt medan dei slo ring om han og tukka seg nærare og nærare. Men då dei hadde fått ringen liten nok, fekk pipa ein annan lyd. Då takka dei for sist med skrik og skrål, eid-sausa knubbord, knivar og knyttnevar.

Ja, ja, så var det berre ein ting å gjera for Torjus. Han slo ned tre-fire stykke av dei mest nærgåande fantane, kom seg ut or ringen og sprang sin veg.

Men ei kort tid etter, kom lensmannen og skulle ha tak i han. Fantane hadde vore på Ilstad og meldt han for overfall. Og sidan Torjus hadde litt av kvart å svara for frå før av, torde ikkje lensmannen anna enn å arrestera han. Men då det ikkje var arrestlokale på Ilstad, tok lensmannen ut med han i seglbåt til Stavanger. To av dei digraste fantane var med til vakt.

Men då dei var komne ut til Åsarøy, der fjorden er på det smalaste, såg Torjus ei smoge til å smetta or båten midt for augo på både lensmann og vaktmenn. Og då dei endeleg hadde fått ned seglet og kava seg tilbake til rømingsplassen, såg dei ikkje hyren til fangen.

Lensmannen – som etter kva segnene vil veta – var på Torjus si side, han øste seg opp og skjelte ut fantane som vakt skulle vera, og let dei veta kva alvorlege fylgjer det kunne få å stella seg slik at ein arrestant drukna. For slik hadde det sikkert gått med Torjus. Og fantane, stakkars krokar, var nok fegne til at dei slapp med skrekken.

Torjushidleren

Men Torjus hadde sumt på land og gøymt seg. Sidan daffa han heim til Hustveit og slo seg til i ein heller oppi marka der eit heilt år. Staden der han gøymde seg, heiter Torjushelleren den dag i dag. Både lensmann og andre visste nok om han, men dei gat ikkje noko, så Torjus må nok hatt mange vener på heimetraktene sine, trass i alt.

Så då året var ute, kunne han farelaust syna seg att, for då kunne dei ikkje ta han med lov og rett lenger, heitte det.

Men han ottast for at det fanst dei som sjølv ville ta seg til rette og hemna seg. Derfor flytte han heimanfrå og til Rabben, ein husmannsplass under Eikeland i Vikedal. Han gifte seg og slo seg til der. Kona hans heitte Dorte Larsdotter og var frå Rabben. Dei fekk to sønner, Lars og Torjus. Lars vart skulelærar. Torjus gifte seg med Ingeborg Torjusdotter Nes, og kjøpte garden Rørtveit i Imsland. Dei hadde to søner som begge heitte Torjus etter bestefedrene sine. Den eldste kjøpte Birkeveit og slo seg til der.

Den andre gift seg med Åsa, dotter til han som pakta garden Imsland, som var prestenkje-sete den tida. Seinare kjøpte dei garden, som er i slekta si eige den dag idag. Både Torjus Birketveit og Torjus Imsland har ei stor og gjev slekt etter seg. Og namnet Torjus lever den dag i dag i slekta.

Soga ovanfor er fritt attfortalt etter Ola Hustveit, Sauda, som nå går i sitt 80. år. Han høyrde soga av bestefar sin som hadde høyrt henne av Torger Ilstad, sonen til lensmannen som arresterte Torjus Torjussen.

Deltakarane på turen til Torjushidleren (sjå biletet) er etterkomarar av Torjus, med ektefeller. Torjus er tipp-tipp-oldefaren deira. Dei er frå venstre Rikard Seltveit, Lars Harald Imsland, Edvart Imsland, Laura Seltveit, Karin Imsland (skjult), Ingrid Marvik, Lars Marvik, Erling Nordland, Else Laura Storhaug, Gunnvor Nordland, Olaug Struen Imsland (skjult) og Liv Imsland.

Der er to hidlerar som kan vera den Torjus gøymde seg i. Biletet er frå den trongaste og mest utilgjengelege av desse.

Tilbake til Historiske artiklar / toppen

Theodor Imsland
Adresse: Imslandssjøen 191, 5583 Vikedal
Telefon: 527 60 268
Mobil-telefon   : 917 53 446
E-mail: theodori@online.no
Oppdatert juli 2016