Stadnavn frå Imslandsjøen

Av Theodor Imsland

Eg har her samla alle stadnavna eg kjenner frå Imslandsjøen og ein del frå områda rundt. På denne måten vonar eg at dei kan gå over til nye generasjonar. Dersom nokon kjenner til andre navn, har kjennskap til kva navna kjem av, eller meiner eg tek feil, er eg takksam dersom dei vil dela dette med meg. Sjå mail-adressa her

Navna har eg prøvd å skriva slik vi uttalar dei.

Vi byrjar vest for Imslandsjøen og arbeider oss austover. Dersom du klikkar på bileta, vil du sjå dei i full størrelse.

Lindevikjå

Navn på vika på vestsida av Imslandsjøen. Truleg kjem navnet rett og slett av at det har vakse linde-tre i dei lune bakkane her.

Har gitt navn til oppdrettet som vart lagt her i 1999. (Men oppdrettet ligg ikkje i Lindevik, men rett ut frå Hetledal)

Hetledal

Navn på dalføret som går frå oppdrettet og heilt opp til høgda. Navnet må koma av "hatle-tre" som det truleg har vakse mykje av her.

På vestsida av dalen, mest heilt oppe, finst ei svær kløft med djupe håler. Ta ein tur opp og sjå.

Sonda-berjet

Navnet vart brukt på berget på vestsida av oppdrettet i Hetledalen. Berget er "sundt-rive" ved at eit stykkje er dotte ut i sjøen. Derav navnet. Det er også ei større sprekka i berget, så ein kan frykta at meir kan rasa ut. Vonar oppdrettet har sjekka dette.

Sigleskarbenkjen

Var navnet på ei stor flat steinhylle heilt i sjøkanten i Hetledalen. Vart heitande dette etter at ein mann frå Sigleskar drukna seg her. Hilmar Døske fortel at mannen åtte både Berget og Sigleskar og var kjend som ein som karra til seg det han kunne. Mannen hadde hengt både hatten og jakken frå seg i ei fora, før han hoppa i sjøen. Hylla ligg nå under fyllingane frå vegen til oppdrettet.

Skarvaberjet

Skarvaberjet

Er navnet på det bratte, utoverhengande berget vest for Kalheien. Hilmar Døske fortel at det i gamle dagar alltid sat ein skarv på si faste hylla i berget. Skarven vart skoten av smeden Jens Vaagen, og seinare har ein aldri sett skarv på staden.

Thomas Finvik har fortalt at dei i tidlegare tider har brukt staden til å reisa master på større fartøy/skip. Eg har ikkje kjennskap til om dei senka mastrene ned på fartøyet, eller reiste masta med ei heis-anordning.

Kalheien eller Kalhagen

kalhagvika Navn på husa lengst vest og som ligg i utmarka. Navnet må truleg koma av "Kalva-hagen". Heilt inn i på 1900-talet var her fleire hus, og det budde fleire familiar her.

"Kalhagvikjå" er brukt om vika nedanfor. Men det gamle navnet på denne vika er "Busshammar-vikjå".

Til venstre ser ein det gamle huset i Kalheien oppe til venstre og hyttene i Kalhagvika.

Busshammar

Er navnet på husa vest for kyrkjegarden. "Busshammar-tånå" er navnet på fjellformasjonen nedanfor, og "Busshammar-vikjå" er vika på vestsida av denne (også kalla "Kalhagvikjå").

Navnet kjem truleg av "buss" som historisk har vore brukt om store skip. "Hammar" er ein bergformasjon med stupbratt side. Kjem truleg av at det flate og låge berget utanfor har vore brukt som lasteplass for store skip. Sjå biletet ovanfor. Kanskje la skipa til her for lasting av tømmer for skip frå Skottland eller Holland i mellomalderen. (Det ville vore spanande å sjå om det finst spor av ballast-stein eller andre ting utanfor her.)

Vi veit også at den høge, bratte hammaren litt lengre vest (Skarvaberget), har vore brukt til å reise mastrar på store skip.

Marinearkeolog Endre Elvestad ved Stavanger Museum har laga ei interessant utgreiing om ordet "buss" for meg, slik det har vore brukt gjennom tidene. Han meiner at navnet mest truleg kjem frå lasteplassen. Sjå utgreiinga her.

Jenny-sin-hidler

Jenny-sin-hidler Då eg var liten, brukte vi dette navnet på ein liten hidler rett ovanfor husa på Busshammar. Her leika vi mykje og brukte hidleren til hus. Truleg har Jenny Berakvam (nå Jenny Fjelde, busett på Jørpeland) brukt staden på same måten før oss.

Det er laga eldplass og som ein ser på biletet, er der ein fin benk utanfor.

Ormaberjet

Ormaberget Fann navnet i folgebrev til Torjus Imsland frå 1898. Brukt om den runde bergformasjonen vest for "Klokkarsvingen", nedanfor vegen ut til oppdrettet. (Aust frå hytta til Ersland). Må ha vore ein stad der hoggormen låg og solte seg om våren.

Svinasteidn eller Klokkarsteidn

I dag brukar ein ofte navnet "Klokkarsteinen" om den store steinen som ligg kloss over vegen inne på Bjellands-eigedomen. Navnet kjem av at det var klokkar Moe som bygde huset her og rydja hagen. Klokkar Moe kom frå Etne og var gift med Aasa Torjusdotter Imsland.

Det gamle navnet på steinen skal vera "Svinasteinen". Under denne vart det gjort eit stort mynt-funn i 1886. Sjå artikkel i sogeskriftet Vindetreet 1997-utgåva.

Svinasteinen

(Eg har også lurt på om Svinasteinen heller kunne vera brukt om den store steinen som ligg på nedsida av bygdevegen, ovanfor kyrkja. Denne har eg ikkje noko navn på.)

Klokkarsvinjen

Dette er den 180 grader krappe svingen på vegen nedanfor Bjellands-eigedommen. Svingen er nå utvida. Men i min barndom kom ikkje lastebilane gjennom svingen utan å rygga, sjøl om dei då var mykje mindre enn i dag

Likberjet

Likberget Dette er navnet på det flate berget nedanfor kyrkjegarden. Navnet har det fått fordi ein tok i land lika her når folk rundt fjorden døde. Det var då veglaust innover Vindastranda og lik måtte fraktast til kyrkjegarden med båt. Navnet er brukt i folgebrev frå 1898.

Skirsalbekkjen

Skirsalbekken Gamalt navn på bekkjen som rann forbi kyrkjegarden. Her var då bru over bekken, laga av to store steinheller. Han vart lagd i røyr på slutten av 50-talet.

"Skirsal" er eit gamalt ord for "dåp", og bekkjen har truleg fått navnet fordi dei henta døypevatnet her. Det er lenge sidan "skirsal" var brukt i allmenn tale, så truleg henta dei døypevatn her også til den forrige kyrkja. Navnet er brukt i folgebrev frå 1898.

Kjorkjebakkjen

Før kyrkjegarden vart utvida austover i slutten av 1950-åra, var porten høgare oppe og ein hadde ein lang grøn kyrkjebakke frå brua som gjekk over Skirsalbekkjen og opp til porten.

Dalane

Dalane Var navnet på bekkja-dalen frå kyrkjegarden og oppover forbi bygdevegen. Kvifor navnet vart brukt i fleirtalsforma, veit eg ikkje.

I folgebrevet til Torjus Imsland frå 1898 er nevnt at han skulle ha rett til å byggja hus på Daleflåta, og bruka Rundeflekk-åkeren. Desse veit eg ikkje kor er, men daleflåta kan vera flaten ved sida av bekkjadalen, som også vart kalla Hermanns-ækra.

Hermannsekrå

Var brukt om den flate marka mellom bekken aust for kyrkjegarden, og til grensa mot Foss. Flata over muren på biletet over.

Kjem truleg av at denne har vore brukt av ein mann ved navn "Hermann". Det kan vera den Hermann som budde i Kalhagen på 1900-talet, men det kan like godt vera Hermann Olsen som budde ved Imslandsjøen i folketeljinga frå 1801. Han er då 52 år og har også ein son på 6 som heiter Herman.

Flaten

Brukte me om den flate marka aust for huset til Guri Imsland.

Teodors-leet

Dette leet er borte nå, men stod på bygdavegen i grensa mellom Imsland og Foss. Det vart etterkvart til stor irritasjon for biltrafikken til og frå Imslandsjøen i dei periodane det var dyr på beite, og leet vart oppsett.

Røytehålå

Er navnet på marka bak bedehuset. Her er ei vid fordjuping som fører til at det ofte står vatn her, spesielt om vintrane når det regnar på frosa mark og vatnet ikkje sig ned i markja. Navnet kjem av ei "røyta" som er brukt om fuktig og blaut mark.

Skåtakleivå

Skåtakleiva Er navnet på fjell-brotet som går ovanfor bygdavegen i grensa mellom Imsland og Foss. (Er nevnt i utskiftinga av Foss som markering av grenselinja).

Den tydinga som har vore mest nevnt, er knytt til skotte-tida. Den gongen ein dreiv tømmerhandel med Skottland i stor stil i heile Ryfylke. Eg har også høyrt nevnt at det kan ha vore ein skotte som har dotte utføre og drepe seg her.

Sidan navnet i dagleg-tale er uttala med lang og open "å", kan ordet også koma frå eit "skot", eller utspring. Midt i kleiva er der eit slikt utspring der det er råd å gå ned.

Katthål

Er navnet på mark-stykket frå Johnsen-huset til elva. Her var eit stykke vi slo graset og hadde ei hesja.

Navnet må truleg ha med dyret "katt" å gjera, men kan ikkje heilt sjå samanhengen.

Hestabeite

Er nevnt i skifte-papirer frå 1854 som navn på eigedomen som då vart selt frå kyrkja til Steffen Johannesen. Dette ligg mellom Foss og elva. Navnet må ha samanheng med tidlegare bruk av deler av stykket som hestebeite, enten for folk på staden eller ved kyrkjelege handlingar o.a.

Kvitlå

Var brukt som navn på sandbanken mellom elva og sjøen. Elva gjorde ein sving mot aust ved utløpet, på grunn av denne sandbanken. Her låg saga til Fjetland. Staden ligg nå på området til Imsland Smolt og er fyllt meir ut. Her ligg nå kummar. Ståle Randa fortel at "Kvitlene" er nevnt i "Norske Gaardnavne", bd 10 av Oluf Rygh. Rygh meiner tydinga er "elveforgreining".

Dokken

Den vesle båthavna bak dampskipskaien og den gamle "Stein-kaien" kalla vi for "Dokken". Navnet må truleg koma av det engelske "dock". Kanskje det er innført av heimkomne Amerika-fararar som der var ganske mange av frå slutten av 1800-talet.

Damskipskaien - Storekaien - Syvertkaien

Fleire navn blei brukt om den offentlege kaien ved Imslandssjøen.

Kvendnareinå

Kvednareina Er navnet på snarvegen som gjekk i reina langs elva frå Johnsen-huset opp til riksvegen ved brua, over vegen og vidare opp til "reet" (første svingen) ovanfor Imslandsgarden. Mykje brukt snarveg i gamledagar når folk frå Ølmedalen hadde ærend til Imslandssjøen.

Navnet er knytt til Kvern-husa som stod her tidlegare, ei tid heile tre stykke.

Fossaklampen

Er nevnt i utskiftinga av Foss for å angi stad for ein kross. Det er ein stor stein som ligg ved (i) elva i skiftet mellom Imsland og Foss.

Fantane

Navnet er brukt om fjellhenget over den gamle riksvegen aust for elva. Fjellveggen er godt synleg frå Imslandsjøen. Ser ein nøye etter, er deler av fjellsida farga blå-grå, og teiknar eit levande bilete av eit "fantafylgje" som er på veg. Navnet er også brukt i utskiftinga av Foss i 1898.

Re

Eit "re" er brukt om kanten over eit brattheng. Det var to stader vi kalla "Reet". Det var svingen ovanfor Imslandsgarden der ein kunne ta snarvegen ned "Kvednareinå", og det var første svingen på bygdavegen nedanfor Imslandsgarden, der bratthenget ligg på nedsida.

Gamle-veien

Eit stykkje veg som låg ovanfor den nye vegen ned til Imslandssjøen der det nye byggjefeltet ligg i dag. Vegen kom ut omlag der ein kjøyrer inn til byggjefeltet. Ein kan og sjå at vegen held fram på andre sida av hovudvegen. Dersom ein går denne til endes, kjem ein til stden der den gamle Hustveitbrua gjekk over elva. Dei gamle bru-fundamenta er godt synlege, og ligg rett nedanfor husa på Øygarden. Brua vart teken i storflumen, og vart bygd oppatt der ho er i dag.

Bruleite

Dette kalla vi det flate vegstykkje fra Hustveitbrua og nedover.

Halvfjordingen

Ein stad på vegen til Hustveit. rett etter at ein har tatt av frå riksvegen, der ein kjem frampå bakken og ser ned til vatnet.

Navnet angir eit gamalt lengdemål: Ein halv fjerding. Ein fjerding var 1/4 av ei gamal norsk mil, dvs. 2.82 km. Truleg må dette vera lengda herifrå til sjøen. (Eller kanskje herifrå til Hustveit?)

Liksteinen

Gemelia Døske fortalde at dette var navnet på ein stein som låg langs den bygdavegen som gjekk til Hustveit. Sverre Hustveit fortalde at det var navnet på den store steinen som ligg på oppsida av vegen, der ein først kjem ned til vatnet etter Halvfjordingen. Her går også ein snarveg opp til Øygarden.

Kvifor steinen har fått dette navnet veit eg ikkje. Kan det vera knytt til eit lik-funn? Eller kan det vera ein stad dei kvilte, når likfylgjet var på veg til kyrkja?

Kvednasteidn

Kvednasteinen står på ende på innsida av elvosen. Det er lite truleg at det har stått noko kvern så langt nedanfor fossen. Men det er god tilflåt på sida av steinen, og truleg har ein brukt staden til losse og lasteplass når ein skulle levera korn til maling på kvernene som stod på austsida av elva.

Salvurå

Salvura Er navn på ura med store steinar aust for elva. Det er laga fleire naust og båtheng mellom dei store steinane her.

Det er vanskeleg å seia kva navnet kan koma av. Ein teori kan vera "sal", fordi her er fleire store hellarar. I ei avskrift av ei gamal skyldeling er navnet skrive "Salturå" . Hilmar Døske har ikkje høyrt dette navnet brukt, så det er truleg ein skrivefeil.

Fåresteidn

er er den store firkanta steinen som ligg vest i saltura. Han er flat oppå og ligg til venstre for naustet midt på biletet.

For ikkje så lenge sidan vaks det ei gamal, vridd fora i ei sprekk oppe på steinen. Ho er borte nå.

Rasmus-skjeret

Rasmus-skjæret Er navnet på neset innafor Salvura. Neset lagar eit skjer ved svært høg flo. Må ha ein samanheng med navnet Rasmus, utan at eg kjenner årsak. Har heller ikkje funne nokon person frå Imslandssjøen med dette navnet i folketeljingar. I Kvaløy har det vore fleire med navnet Rasmus både på 1800-talet og seinare.

Staden er frå gamalt av ein svært god "laksaplass" for fiske med kilenot, og det er tinglyst fiskerett knytt til staden.

Ørevikjå

Er navnet på den store vika aust for Imslandsjøen. Navnet kjem truleg av treslaget "Ør" eller "Or" som det veks mykje av her. Vi snakkar om både Indra- og Yttra- Ørevikjå.

Seiasteidn

Dette er den store flate og firkanta steinen som ligg i sjøen inne i Ørevika. Navnet må koma av fisken "Sei". Ein kan stå på steinen og fiska sei, eller det har vore ein fin kasteplass for sei.

Kvamskjer

Kvamskjær Navn på skjæret i Indre Ørevika. Har lurt på om navnet kom av at Ivar Berekvam bygde seg sjøhus på skjæret som står der framleis. Men det ser ut til at navnet er mykje eldre enn det, og må ha anna opphav.

Lygaren

På utsida av Notavågen ligg det ein stor stein i sjøen. Denne er kalla "Lygaren" avdi han ser ut som ein båt når ein ser innover til Kvaløy frå Imslandssjøen.

Stadnavn på stigen utover til Berget og Bjortveit

Søylå er navnet på området rundt den vesle tjørna ein går forbi. Før ein kjem til denne går ein forbi nokre grasbakkar. Her hadde Jens Døske åker med poteter, og han hadde planta kirsebærtre og andre frukttre.

"Den smale veien" kalla ein vegen som gjekk oppi bakken på øvre sida av tjørna i Søylå. Lenger ute kom ein til Åsskår.

"Ingeborgdalen"er det dyrka stykket øverst på vegen over til Bjortveit. Her budde tidlegare ei kona som heitte Ingeborg.

Haugen på vestsida ovanfor Bjortveit har navnet "Karihaugen".

Tilbake til Historiske artiklar / toppen

Theodor Imsland
Adresse: Imslandssjøen 191, 5583 Vikedal
Telefon: 527 60 268
Mobil-telefon   : 917 53 446
E-mail: theodori@online.no
Oppdatert januar 2016