Vindetreet årgang 2022 blir lagt ut for sal i dei fleste bokhandlar og butikkar tidleg mandag 14, eller tysdag 15. november.
Boka har same sidetal som i fjor og kostar framleis berre kr 250,-
Sogelaga deler ut eit eksemplar til alle sine medlemmer, og dei faste abonnentar får tilsendt boka vedlagt faktura i god tid før jul. Boka kan også bestillast på nettsida vår.
Her er mykje å gleda seg til. Her er stoff og bilete frå alle 9 bygdene i Vindafjord. Som vanleg er her stort sprang i innhaldet og noko for ein kvar smak. Innhaldslista finn de her.
Takk til alle som har sendt inn stoff og bilete til redaksjonen. Utan dokke ville boka blitt tynn.
Takk også til annonsørane som støttar oss kvart år.
Vindetreet 2022 er på veg!
- Detaljar