Vindetreet er sogeskriftet for Vindafjord kommune og har med stoff frå alle dei ni bygdene i kommunen: Imsland, Vikedal, Sandeid, Vats, Skjold, Ølen, Ølensvåg, Bjoa og Vikebygd.
Det er sogelaga i kommunen som står bak skriftet. Vindetreet er organisert som ei foreining med eige styre, der sogelaga er medlemmer i foreininga.

Medlemmer i sogelaga får eit eksemplar av Vindetreet kvart år inkludert i medlemskontingenten. Elles er skriftet å få kjøpt hos bokhandlarar og butikkar i distriktet. Sjå komplett liste over forhandlarar her.

For lesarar som bur utanbygds er det også høve til å tinga skriftet som fast abonnement. Ein får då tilsendt skriftet med faktura som inkluderer utsalgspris pluss porto og emballasje.

Vindetreet kjem ut i god tid før jul kvart år og har informasjon om ulike emne og aktivitet i bygdene før i tida.

Styret I Vindetreet

Liv Hovland Ruud, leiar
Olav Velde, nestleiar
Anne Lise Døvik, sekretær
Lars Dalen, økonomiansvarleg
Ingrid Mathilde Sørvåg
Anders Haugland
Theodor Imsland

Vedtekter for sogeskriftet Vindetreet finn du her.
Historie
Fyrste utgåva av ”Vindetreet” kom i 1992. Dette var eit fellestiltak mellom sogelaga i ”Gamle Vindafjord”. Redaksjonen den gongen vona sogeskrivet skulle bli av årleg karakter, og det er det blitt. I 2018 vart Ølen og Bjoa sogelag med i Vindetreet. Deira sogeblad Segn og Soge vart då innstilt etter 37 årgangar.
Redaksjonen i "Vindetreet" i dag er Tomas Finnvik, Nils Olav Østrem, Gunnar Listog, Theodor Imsland, Olav Velde,, Anne-Lise Døvik, Hans Erik Eikeland, Torhild Hanssen Tunge, Terje Lunde og Lars Bernhard Skipevåg.
Desse har tidlegare vore med i redaksjonen: Anne Berit Skipevåg Tveit, Lars Dalen, Audun Heggebø, Svein Terje Vestø, Solveig Eidhammer, Eli Opsal og Beret Guldberg. Einar Askeland og Magne Haugsgjerd var med i oppstartingsåret.

I tanken bak skriftet står det i fyrsteutgåva: ”Eit hovudmål med dette skriftet er å ta vare på tradisjonar i Vindafjord. Vinda dei opp, om ein vil bruka eit slikt uttrykk, så seinare generasjonar kan nøsta dei. ”
Lokalhistorisk stoff i bygdene er inga mangelvare. Snarare tvert omUtfordringa er tida. Når kunnskapsrike menneske går bort, vert og viktig, lokalhistorisk kunnskap borte.Redaksjonen for ”Vindetreet” bed derfor folk i bygdene og grendelaga skriva ned viktig lokalt stoff, eller tipsa nokon i redaksjonen. Her er også gode, gamle bilete eller dagbøker viktige.
Den lokalhistoriske soga har mange uttrykk. Her i bladet er det både noveller, dikt, artiklar, dagbøker, reiseskildringar og ikkje minst bilete og teikningar. Hovudmålet er å formidla lokalsoga gjennom ”kvardagsmennesket”. Lesaren av ”Vindetreet” er alle dei som for det fyrste har røter eller kontaktar i bygdene her, men det er og dei som er interesserte i lokalhistorie generelt.
Takk for interessa, og god lesnad.

Redaksjonen