Bli medlem i sogelaget! Det kostar kr 250,- i året og inkluderer gratis utgåve av Vindetreet og medlemskap i Rogaland Historielag med fire utgåver av medlemsbladet Sydvesten.
Sjå kontaktar nedanfor.
Kontaktar:
Leiar: Jone Hatteland
Nestleiar: Øyvind Jønsson
Kasserar og skrivar: Anne-Lise Døvik
Styremedlemmer: Alf Torsten Vik og Inghart Lasse Tveit
Varamedlemmer: Per Fatland og Olav Velde
Revisorar: Lars Sigurd Ohm og Jørgen Landa
Valnemnda: Sjur Velde, Erling Haraldseid og Solveig Lundegård
Årsmelding for Skjold og Vats sogelag 2014
Skjold og Vats sogelag hadde årsmøte på Nageltunet i Skjold 27. februar 2014. Trygve Mikal Viga, tidlegare ordførar i Vindafjord, fortalde om emnet, Korleis dei styrte i Vindafjord då han var ordførar.
På årsmøtet vart Jone Hatteland attvald som leiar. Peder Lundegård døydde i meldingsåret og det medførte at 1. varamedlem, Olav Velde, overtok hans plass i styret. På årsmøtet blei Inghart Lasse Tveit innvald for Peder Lundegård.
Etter årsmøtet har sogelaget denne samansettinga:
Jone Hatteland, leiar
Einar Askeland, nestleiar
Anne-Lise Døvik, skrivar og kasserar
Jakob Krakk, styremedlem
Inghart Lasse Tveit, styremedlem
1. varamedlem Per Fatland
2. varamedlem Olav Velde
Sogelaget har i tillegg til årsmøtet hatt 5 styremøter og handsama 40 saker. Det blei også i år halde 17. mai quiz som er blitt ein tradisjon.
Måndag 7. april hadde me styremøte hos Stuhaug Museum. Der fekk me omvising og ei omfattande forklaring på mange ulike gjenstandar. Han har samla mange og varierte ting, det blir litt av eit arbeid å katalogisere alle gjenstandane.
Torsdag 8. mai arrangerte me eit besøk til Vindafjordmuseet. Ein interessant og spennande tur med omvising. Diverre var me berre 10 personar som var med på besøket.
Fredag 12. september var me på tur til Viga sjøhus. Her hadde me ein spennande dag med mange historier, frå Jakob Sande til familien Viga. Turen gjekk vidare til Viga -tunet og gamle Årdal kyrkje , som er frå begynnelsen av 1600 talet. Me fekk servert frokost, testing av laks samt middag som avslutning. På denne gilde, morosame og minnerike turen var me 7 personar. Kanskje folk er metta av turar og arrangement?
Torsdag 30. okt. hadde me Historisk Vegmøte i SalSkjold i Isvik. Der opna elevane, Olav Ohm og Signe Aarekol, frå kulturskulen med fin song og musikk. Professor Gunnar Nerheim, frå Universitetet i Stavanger, tok for seg den historiske delen, og prosjektleiar hos Statens vegvesen, Cato Severinsen, fortalde om det pågåande prosjektet Isvik – Solheim, samt prosjekter som skulle komme. Diverre møtte det berre opp 21 personar. Det var langt under det styret hadde venta til eit møte om samferdsel. Sogelaget må vurdere framtidige møter og arrangement.
Jone Hatteland representerte sogelaget på Rogaland historielag sitt årsmøte som i år var lagt til Randaberg. Kjell Frøyland representerte sogelaget i Dragseid-prosjektet. Utvandrarboka til Nils Olav Østrem kjem ut til våren , og i den forbinding blir det halde møte for å promotere og fortelle om boka.
Årsmelding for Skjold og Vats sogelag 2013
Skjold og Vats sogelag hadde årsmøte på Nageltunet i Skjold 28. februar 2013. Anders Rørheim fortalde over emnet «Ni-åring på flukt i 1940» og tok utgangspunkt i sin familien på ni som måtte forlate Stavanger og strabasene dette medførte. Dette året hadde me to foredrag då me fekk forespørsel om elevar frå Lundeneset videregåande skule, Kirstin Ølfarnes Storhaug og Synnøve Røysland, som ønskte å halde foredrag for ein forsamling. Dei fortalte om «Baroniet i Rosendal»
På årsmøtet blei Jone Hatteland attvald som formann. Ut av styret gjekk Kjell Frøyland. Einar Askeland blei attvald og som ny styremedlem blei Jakob Krakk vald.
Etter årsmøtet har sogelaget denne samansettinga:
Jone Hatteland, formann
Einar Askeland, nestformann
Anne-Lise Døvik, kasserar
Peder Lundegård, medlem
Jakob Krakk, medlem
1. varamedlem Olav Velde
2. varamedlem Per fatland
Sogelaget har i tillegg til årsmøtet hatt 7 styremøter og handsama 40 saker. Det blei i år og halde 17. mai quiz som er blitt ein tradisjon. Siste møte blir 3. des. 2013, som blir eit fellesmøte med Vindafjord kommune.
Torsdag, 18. april var Sogelaget på besøk hos Wee Bilmuseeum. Me var totalt 22 personar og hadde eit hyggeleg og interessant besøk, med mykje mimring, tilbakemeldingene var svært gode og folk var fornøgde.
Torsdag, 26. september blei det halde arrangement ved Oddgeir Bruaset med kåseri «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Det kom 110 betalande. Arrangementet var svært vellukka og med mange god tilbake meldingar.
Anne-Lise Døvik representerte sogelaget på Landsmøtet til LLH og Per Fatland og Jone Hatteland, representerte laget på årsmøtet i Rogaland Historielag.
Sogelaget har bidratt til utgeving av Nils Olav Østrem si bok «Utvandrarkultur» saman med fleire andre aktørar. Sogelaget har gått turen til «Skotta vikjå», som Jon Olav Velde vil merke og lage til tursti med historisk tilsnitt. Kjell Frøyland fortsetter som medlem i Dragseid-prosjektet.
Sogelaget har i dag ca. 90 betalande medlemmer, nokre har gått ut, men me har fått fleire nye.
Årsmelding 2012
Skjold og Vats sogelag hadde årsmøte på Nageltunet i Skjold 1. mars 2012. Nils Olav Østrem fortalte om handelsmannen før i tida, med Hatteland i Vats som utgongspunkt.
På årsmøtet vart Jone Hatteland vald som formann. Ut av styret gjekk Per Fatland og Liv Reidun Vik. Det vart vald to nye styremedlemmer: Anne-Lise Døvik og Peder Lundegård.
Etter årsmøtet har sogelaget denne samansettinga:
Jone Hatteland, formann
Einar Askeland, nestformann
Kjell Frøyland, skrivar
Anne-Lise Døvik, kasserer
Peder Lundegård, medlem
1. Varamedlem: Per Fatland
2. Varamedlem: Tor Olav Vik.
Sogelaget har i tillegg til årsmøtet hatt 6 styremøte og handsama 36 saker. Det vart laga ein quiz til 17. mai som var svært vellukka.
Me hadde fellesmøte den 19. juni på Nesheimstunet, med skriftstyret i Vindetreet, samt Sandeid, Vikedal og Imsland sogelag.
Den 17. juni hadde me synfaring ved utgravinga på Smedsvik - Eggja i Skjold. Ansvarleg for utgravinga, Olle Hemdorff, var med og viste rundt på staden og fortalte om korleis utgravinga hadde foregått. Deretter gjekk turen til Øvre Vats der me fekk omvising på ein gammal likkisteverkstad.
Høyringsutkast for museumsplanen har me gått gjennom og gitt svar tilbake.
Sogelaget skipa til Lokalhistorisk seminar den 20. Oktober. Denne gongen var temaet “Kvinnehistorie”. Det deltok totalt 34 personar. Foredragshaldarar var historikar Hilde Sandvik frå UIO, Anne Jorunn Frøyen historikar frå Jærmeseet, Alice Botnen Akselsen, IB linja ved Vardafjell v.g.s. og Ruth Reed frå Skjold Bygdekvinnelag.
Kjell Frøyland har også i år deltatt i Dragseid-prosjektet som er kome eit godt stykke vidare. Årsmøtet i Rogaland Historie- og Ættesogelag var dette året lagt til Stavanger. Deltakarar frå oss var Anne-Lise Døvik, Kjell Frøyland og Trygve Sandvik.
Sogelaget har 95 medlemmer og medlemstalet er aukande.
Årsmelding for Skjold og Vats sogelag 2014
Skjold og Vats sogelag hadde årsmøte på Nageltunet i Skjold 27. februar 2014. Trygve Mikal Viga, tidlegare ordførar i Vindafjord, fortalde om emnet, Korleis dei styrte i Vindafjord då han var ordførar.
På årsmøtet vart Jone Hatteland attvald som leiar. Peder Lundegård døydde i meldingsåret og det medførte at 1. varamedlem, Olav Velde, overtok hans plass i styret. På årsmøtet blei Inghart Lasse Tveit innvald for Peder Lundegård.
Etter årsmøtet har sogelaget denne samansettinga:
Jone Hatteland, leiar
Einar Askeland, nestleiar
Anne-Lise Døvik, skrivar og kasserar
Jakob Krakk, styremedlem
Inghart Lasse Tveit, styremedlem
1. varamedlem Per Fatland
2. varamedlem Olav Velde
Sogelaget har i tillegg til årsmøtet hatt 5 styremøter og handsama 40 saker. Det blei også i år halde 17. mai quiz som er blitt ein tradisjon.
Måndag 7. april hadde me styremøte hos Stuhaug Museum. Der fekk me omvising og ei omfattande forklaring på mange ulike gjenstandar. Han har samla mange og varierte ting, det blir litt av eit arbeid å katalogisere alle gjenstandane.
Torsdag 8. mai arrangerte me eit besøk til Vindafjordmuseet.Ein interessant og spennande tur med omvising. Diverre var me berre 10 personar som var med på besøket.
Fredag 12. september var me på tur til Viga sjøhus. Her hadde me ein spennande dag med mange historier, frå Jakob Sande til familien Viga.Turen gjekk vidare til Viga -tunet og gamle Årdal kyrkje , som er frå begynnelsen av 1600 talet. Me fekk servert frokost, testing av laks samt middag som avslutning. På denne gilde, morosame og minnerike turen var me 7 personar.Kanskje folk er metta av turar og arrangement?
Torsdag 30. okt. hadde me Historisk Vegmøte i SalSkjold i Isvik.Der opna elevane, Olav Ohm og Signe Aarekol, frå kulturskulen med fin song og musikk. Professor Gunnar Nerheim, frå Universitetet i Stavanger, tok for seg den historiske delen, og prosjektleiar hos Statens vegvesen, Cato Severinsen, fortalde om det pågåande prosjektet Isvik – Solheim,samt prosjekter som skulle komme. Diverre møtte det berre opp 21 personar. Det var langt under det styret hadde venta til eit møte om samferdsel. Sogelaget må vurdere framtidige møter og arrangement.
Jone Hatteland representerte sogelaget på Rogaland historielag sitt årsmøte som i år var lagt til Randaberg. Kjell Frøyland representerte sogelaget i Dragseid-prosjektet. Utvandrarboka til Nils Olav Østrem kjem ut til våren , og i den forbinding blir det halde møte for å promotere og fortelle om boka.