Farlege språk
Illustrert foredrag av Ottar Grepstad om ein sunnhordlending og unge opprørarar verda rundt
Kring 1930 raste trøndarar mot at nokon ville endre bynamnet frå Trondhjem til Nidaros. Verst gjekk det ut over stortingsmann Knut Markhus frå Sunnhordland og barna hans. I den kritikarroste boka Farlege språk på Dreyers forlag fortel Ottar Grepstad heile historia om Nidaros-striden. Denne kvelden avslører han meir enn det som står i boka, og han har med seg ein gjenstand frå striden som har vore oppbevart på Halsnøy. I arbeidet med boka reiste Grepstad både til Bangladesh og Sør-Afrika. Derifrå har han med forteljingar ein skulle ønskje var dikting.
Ottar Grepstad (fødd 1953) voks opp i Nedre Vats 1957–70. Frå debuten i 1974 har han skrive eller redigert over 60 bøker om historie og politikk, retorikk og skriftkultur.
Inngangspengar: Nok 100.- for medlemmar, Kr. 150.- for ikkje medlem
Arrangør: Skjold, Vats og Vikebygd sogelag og Vindafjord Mållag
Det blir DNA kurs i slektsgranskning, på biblioteket, Sjøperlå i Ølen, lørdag 28. sept. Kl 11.00 til Kl 15.00