Kl 09.00 på 17. mai vil ordførar Ole Johan Vierdal foreta avduking av ein bautastein til minne om stortingsmann-1814, Rasmus Viland. Støtta er reist på Viland i Ilsvåg, nedanfor vegen. Dette var heimegarden til Rasmus.
Professor Nils Olav Østrem vil delta og halda eit kort kåseri om den politiske problemløysinga Rasmus Viland deltok i hausten 1814. Det blir severt kaffi og kake.
Etter initiativ frå Arvid Staupe har Imsland, Vikedal og Sandeid sogelag i samarbeid med grendautvalet i Ilsvåg fått reist steinen. Sogelaget vil takka for økonomisk støtte frå Vindafjord kommune, Haugesund Sparebank, Sandeid bygg & Vedlikehold og sogebladet Vindetre. Desse har gjort det mogeleg å få reist steinen.
Alle er velkomne til å oververa avdukinga.
Avduking av minnestein etter stortingsmann-1814 Rasmus Viland 17. mai.
- Detaljar