Bjørn Nybru (1866 - 1963) skreiv i 1952 ned det han hugsa  om folket på gardane på Vindastranda. Vindastanda omfattar gardane på nordsida av Vindafjorden frå Frøvik inn til og med Hustoft og Skipavåg som grensar opp til Suldal kommune. Hustoft er siste garden Bjørn Nybru skriv om. Men rundt 1970 fullførte Berhard Skipevåg (1888 - 1976) verket med å ta med resten av Hustoft, Skipavåg og Rønnevik.

Desse artiklane gir svært interessant informasjon om  folket og livet på gardane for 100 - 150 år sidan. Vi legg dei difor ut på nettsida vår, slik at fleire kan få del i dette. Du finn dei under "Artiklar på nett" i menyen oppe.

Våga, som i frå gamalt av har vore den  beste garden på Vindastranda og i Imsland, er ikkje med i desse skrifta. Berre alle husmannsplassane under Våga er med. Bjørn Nybru grunngir dette med at Våga vart grundig omtala i ein artikkel i årsheftet til Rogaland Ættesogelag frå 1942. Vi får sjå om det kan vera mogeleg å få leggja ut også denne artikkelen seinare.