LOKALHISTORIE I SOGESKRIFT
Tradisjonen tru samlar Vindafjord bibliotek lokalhistorisk interesserte i Grannar-distriktet til ei hyggeleg samkome med presentasjon av heile tre sogeskrift: «Årbok for Etne sogelag», «Vindetreet» og «Segn og soge». I år er dette onsdag 6. des.
Representantar frå bladstyra vil gje små og store innblikk i årets utgåve og det vil bli høve til spørsmål, kommentarar og utveksling av erfaringar og idear.
Aller først i programmet skal det nytast levande musikk! Denne gangen er det Solveig Sørheim og Torbjørn Reiso frå Etne som tar oss med inn i folkemusikkverda. Det kan me alle gle oss til!
Når det i tillegg vert litt å bita i, kaffi og te - samt høve til å sikra seg ferske sogeblad- ligg alt til rette for ein kveld med hygge og nytte!
Velkomne frå alle Grannar-bygder og fleire til!