Paul Turner
Omsett og revidert: Audun Heggebø
Fredag 21. juni 2013 kom ei gruppe på 29 etterkomarar av Bjørn Anderson Kvelve og Abel Cathrine von Krogh. Bjørn Kvelve og Abel Cathrine von Krogh med to søner, to og fire år, reiste til Amerika sommaren 1836. Etterkomarar av same familie var her også i 1986, men for mange av deltakarane var det første turen til det området slekta opphavleg kom frå. På programmet sto bl. a. garden Nyvold, Vestbø, Sandeid, der Abel Cathrine blei fødd (1809) og Kvelve, Vikedal, der Bjørn vaks opp, den gamle kyrkjegarden i Vikedal, Hogganvik, Vindafjord museum osv.
Vindetreet ba Paul N. Turner, som organiserte turen, om å skriva litt om planlegging, føremål, erfaring osv. Her følgjer tekst og bilete som Paul N. Turner, Minneapolis, Minnesota, sende til Vindetreet november 2013
Gruppa samla rundt von Krogh-gravene i Vikedal
English version: A Journey to Our Family Roots
Norsk versjon: Ei reise til våre familierøter
Georg Washington Magnus 1863 - 1917
Har lyst til å nemna at det blant amerikanarane blei samla inn pengar til det prosjektet Monica Haugan ved Vindafjord Museum for tida arbeider med, Georg Washingtons musikk.
Ho fortalde om han som komponist og dirigent, og song og spela på pianoet nokre av hans komposisjonar. Dei fleste av amerikanarane er etterkomarar av von Krogh/Magnus familien.
Audun Heggebø
A Journey to Our Family Roots/Ei reise til våre familierøter
- Detaljar