A Journey to Our Family Roots/Ei reise til våre familierøter
- Detaljar
Fredag 21. juni 2013 kom ei gruppe på 29 etterkomarar av Bjørn Anderson Kvelve og Abel Cathrine von Krogh på vitjing til Vindafjord. Bjørn Kvelve og Abel Cathrine von Krogh reiste til Amerika sommaren 1836. Audun Heggebø og Harald Hundseid var guidar for gruppa. Paul N. Turner, som organiserte turen, har skrive ei skildring av turen som han sende til Vindetreet. Skildringa, både på norsk og engelsk, kan du finna under Artiklar på nett.
Endringar i redaksjonen
- Detaljar
Eli Opsal og Beret Guldberg gjekk ut av redaksjonen i vår. Begge har vore med i redaksjonen over 20 år, Beret heilt frå oppstarten i 1992, og dei fortener stor takk for lang og god teneste. Begge har likevel bidratt med kvar sin artikkel i år. Dei har ikkje heilt lagt inn årane og kanskje kan vi få nyta meir av deira skriveglede i komande år også.
Inn i redaksjonen har vi fått Anne Berit Skipevåg Tveit, som skal ha hovudansvar for Vikedal og Anne-Lise Døvik som skal arbeida mest med Sandeid.
Side 7 av 7