Det ekstraordinære årsmøtet i Vindetreet behandla to saker:

1. Nye reviderte vedtekter

Med dei gamle vedtektene vart ikkje Vindetreet godkjent som foreining, fordi dei meinte at det gjekk fram av desse at sogelaga åtte Vindetreet. Ingen kan eiga ei foreining.  Ei nemnd har nå utarbeida forslag til nye vedtekter som gir ei noko friare stilling i høve sogelaga. Forslaget vart godkjent av styra i alle sogelaga, og vart vedtekne samrøystes på årsmøtet.

Dei nye vedtektene kan du sjå HER.

 2. Val av nytt styre i samsvar med dei nye vedtektene.
Desse vart valde:

Liv Hovland Ruud, leiar
Gunnar Listog, nestleiar
Anne-Lise Døvik, skrivar
Theodor Imsland, økonomi
Randi Sletten, styremedlem
Jone Hatteland, styremedlem
Kjell Ove Rørheim, styremedlem

Torhild Tunge Hanssen, 1. varamedlem
Olav Velde, 2. varamedlem
Lars Dalen, 3, varamedlem

Dei tre sogelaga i Vindafjord hadde kalla inn til ekstaraordinære årsmøte den 6. juni 2018 hos Hatteland industrier i Åmsosen. Einaste saka på dagsorden var om Ølen og Bjoa sogelag skulle bli med i Vindetreet, og leggja ned Segn og Soge.

Det vart først halde eit felles orienteringsmøte med ordskifte, før sogelaga gjekk kvar til sitt og hadde formell avstemming. Følgande ordlyd vart vedteke i alle sogelaga:

"Årsmøtet godkjenner at sogeskrifta "Segn og Soge" og " Vindetreet " vert slegne saman til eitt sogeskrift som dekkjer Vindafjord Kommune, under namnet " Vindetreet ", frå og med 2018.

  1. Årsmøtet godkjenner framlegget til vedtekter for sogeskriftet " Vindetreet ", men ber om at vedtektene vert lagde fram for evaluering og mogelege endringar når ein har fått røynsle med drifta."

Her finn du Referat frå møtet og dei nye Vedtektene.

Etter samanslåinga har redaksjonen desse medlemmene, med opplysning om bygda dei er kontaktperson for:

Lars Dalen  Ølen

Anne-Lise Døvik Sandeid

Tomas Finnvik Imsland

Theodor Imsland Imsland

Gunnar Listog Vikebygd/Skjold

Anne Berit Skipevåg Tveit Vikedal

Olav Velde Vats

Nils Olav Østrem Skjold

Torhild Hanssen  Bjoa

Terje Lunde  Ølensvåg

Du finn meir informasjon under "Kontakt oss"

 

For interesserte i slektsgranskning, så er det bare å møte opp på folkebiblioteket i Aksdal førstkommende lørdag 2. juni Kl 10.00 til Kl 14.00!