I mai fekk vi melding frå Anne Berit Skipevåg Tveit at ho måtte trekkja seg frå redaksjonen i Vindetreet. Med alle andre friviljuge engasjement ho har, ville ikkje tida hennar lenger strekkja til. Redaksjonen beklagar dette og vil takka for veldig godt samarbeid og for dei mange eigne og andre sine bidrag ho har skaffa frå ho kom med i redaksjonen i 2012.

Lars B. Skipevåg vil frå nå av overta Anne Berit sin rolle i Vindetreet som kontakt for Vikedal-grenda. Han er svært interessert i lokalhistorie, veit mykje og er meister i å søkja fram info frå nettet. Han har skrive fleire innlegg i Vindetreet tidlegare. Han er også leiar i det lokale sogelaget og har den siste tida vore med i nemnda som prøver å få ferdig bygdebok i Imsland. Han har jobba som konsulent innan data/webutvikling og har utvikla heimesida til Vindetreet.

Vi ynskjer Lars velkomen i redaksjonen.

Han kan nåast på e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. og telefon 905 25 716.

Redaksjonen