I 1980 kom første utgåva av «Sogeblad for Skjold og Vats».

Skjold og Vats sogelag var skipa 10. april same året med Torger Audun Ohm som leiar. Han hadde i styret med seg: Klara Tangen Tveit, Sofie Nesheim og Nils Olav Østrem. Varamedlemer var: Trygve Sandvik og Fridtjov Eidhammer.

Nils Olav Østrem redigerte det første, 24-siders A5-heftet. Det andre sogebladet for Skjold og Vats kom ut i 1982 med Hallgeir Tveit som redaktør. Han heldt fram og redigerte også sogeblada for 1983 og 1984. Utgåva for 1984 auka til 36 trykte sider, framleis i A5-format.

Fleire bidrog med artiklar til «Sogeblad for Skjold og Vats». Nokre av artiklane kan trekkjast fram:
Utgåva frå 1980 innleidde med ein artikkel av Nils Dybdal-Holthe om «Dybdals-folket i Skjold». Inghart Lasse Tveit skreiv om «Då skjoldafolket ikkje greidde å finna plass til korkje kyrkja eller seg sjølv».

I sogebladet for 1982 var Halvor Vågen forfattar av artikkelen «Gamla stampå». Johan Velde bidrog med to artiklar han før hadde hatt på trykk i Vindafjordingen: «Dei gamle emissærane» og «Skule og skulemateriell den gong».

1983-utgåva av sogebladet for Skjold og Vats inneheldt m.a. artikkelen «Lensmann Laurits Foss, målstrevar og kulturvernar» av Inghart Lasse Tveit. Berge Velde sin artikkel hadde vore trykt før, men fortalde sogebladslesarane både om lesekunnskap og om ein kvinneleg skulelærar i Vats alt på 1700-talet. Sønneva Eliasdotter frå Kårhus fortalde sjølv i ei rettssak frå 1760-åra om korleis ho gjennom fleire år underviste skuleborn.

I 1984-utgåva er attgjeve ei fyldig utgreiing Fridtjov Eidhammer hadde på eit sogelagsmøte om haugianartida i Skjold og Vats. Same sogebladet inneheldt også ein artikkel av Lars Strand. Den artikkelen følgde opp med meir om skule og lesekunnskap i Vats på 1700-talet.

Sogeblad for Skjold og Vats 1980

Sogeblad for Skjold og Vats 1982

Sogeblad for Skjold og Vats 1983

Sogeblad for Skjold og Vats 1984