Bli medlem i sogelaget! Det kostar kr 250,- i året og inkluderer gratis utgåve av Vindetreet og medlemskap i Rogaland Historielag med fire utgåver av medlemsbladet Sydvesten.
Utabygds medlemmer som  får Vindetreet tilsendt i posten må betala  kr 90,- porto i tillegg til medlemsavgifta.

Sjå kontaktar nedanfor.

Kontaktar:

Leiar:               Geir Torkel Roalkvam                                 tlf. 478 43 289  Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.                   
Kasserar:         Theodor Imsland, 5583 Vikedal                   tlf. 917 53 446  Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Asbjørn Larsen, Sandeid
Kjell Ove Rørheim, Sandeid
Randi Sletten, Vikedal
Klara Nybru Langeland, Imsland


Årsmelding for Imsland, Vikedal og Sandeid sogelag 2016

Årsmøtet vart halde i fellesstova på Vikedalstunet 7. mars 2016 og omlag 35 medlemer møtte opp. Leiar i Ølen og Bjoa sogelag, Anne Ma Eidhammar, las opp eit skriv som oppfordra til nærare samarbeid/samanslåing av sogelaga i kommunen. Leiar Ola Gjerde sa at styret sin oppfatning var at ein ikkje ville gå inn for samanslåing nå, men var positiv til eit nærare samarbeid. Ingen merknader frå årsmøtet til dette.

Årsmøtet valde Geir Torkel Roalkvam, Vikedal, som ny leiar. Styret ser då slik ut:

Asbjørn Larsen,  attvald
Klara Langeland, ny
Randi Sletten, ny
Theodor Imsland, ikkje på val
Kjell-Ove Rørheim, ikkje på val.
Varamedlemer: Martin Aksland, Ragnhild Fatland og Øyvind Bakkedal
Revisor: Jan Børretzen

Etter valet var det kåseri av Leif Rørtveit og matøkt med rundstykke og kaffi.

Laget hadde i år 88 medlemer, herav 10 utanbygds. Styret har hatt 5 møter. Formannen deltok på Rogaland Historielag sitt rådsmøte i Vats 25. okt. 1. nov. var styret med på samrådingsmøte med alle sogelaga i kommunen og redaksjonane i Vindetreet og Segn og Soge. Det var ulike synspunkt på samarbeid/samanslåing av sogeblad og sogelag. Ein konkluderte med å leggja tilrette for tettare samarbeid om arrangement.

I samarbeid med Ilsvåg velforeining fekk sogelaget reist ei minnestøtta etter stortingsmann 1814, Rasmus Viland, i vår. Om morgonen 17. mai var det avduking av bautasteinen nedanfor vegen på Viland i Ilsvåg. Ordførar Ole Johan Vierdal stod for avdukinga og professor Nils Olav Østrem kåserte om stortingsmannen.

I samarbeid med Imsland grendautval har sogelaget i år arbeidd med opprusting av den 1.4 km lange Ørevikvegen i Imsland. Etter søknad fekk ein kr 30.000,- frå statens vegvesen til opprusting av vegen, og kommunen stilte med mannskap. Rydding av buskar og kratt vart gjort på dugnad. Vi fekk kr 6000,- av kommunen til å laga informasjonstavler langs vegen. Jubileet vart feira med familietur sundag 21. august. Imsland bygdekvinnelag  serverte seks ulike matrettar anno 1916 langs vegen, og grendautvalet serverte kaffi og kaker på Imsland bedehus etter turen. Representantar frå kommunen og vegvesenet deltok saman med omlag 250 andre. Dagen vart avslutta med at Tomas Finnvik fortalde om Imslandssjøen i gamal tid. På grunn av folkemengda måtte dette leggjast til kyrkja.

Julamøtet vart i år halde på Sandeid samfunnshus. Kerval Strømme kåserte om : Island -Natur,kultur og soge. Det vart servert rømmegraut og spekemat, kaffi og kaker. Musikk av Hogganvik orkester m/ Solgunn Liestøl på fele. Tomas Finvik presenterte jubileumsutgåva av Vindetreet 2016 og denne vart utdelt til medlemer.


Årsmelding for Imsland, Vikedal og Sandeid sogelag 2015

Årsmøtet vart halde i fellesstova på Vikedalstunet 2. mars 2015 og omlag 30 medlemer møtte opp. Ein viste her ei samling av gamle bilete frå bygdene våre. Samlinga var basert på bilete som var samla inn av sogelaga i kommunen og vist på kommunen si markering av grunnlovsjubileet i Ølen kulturhus 4. november 2014.

Det vart ikkje vald ny leiar på årsmøtet, men etter konstituering ser styret slik ut:

Ola Gjerde, leiar
Asbjørn Larsen, nestleiar
Theodor Imsland, kasserar
Audhild Rønnevik, skrivar
Geir Torkel Roalkvam, styremedlem
Kjell Ove Rørheim, styremedlem
Varamedlemer: Martin Aksland, Ragnhild Fatland og Øyvind Bakkedal
Revisor Jan Børretzen

Sundag 30. august  arrangerte laget ein tur til dei restaurerte torvhusa på Helgeland, og 22 interesserte møtte opp. Torgeir Øverland fortalde om det store omfanget torvskjering hadde i eldre tider. Vigleik Apeland som hadde vore med på dette, fortalde om korleis dette vert gjort og viste i praksis korleis ein spadde torv. Det vart servert kaffi og lappar steikt på bål.

Saman med dei andre sogelaga i Vindafjord og  Etne vart det arrangert ein "historisk" busstur til Sauda, sundag 20. sept. Sauda sogelag tok imot oss på kunstnarbustaden Tinghaug, kor saudamålaren Samuel Tveit tidlegare budde. Vidare fekk vi omvisning i Åbøbyen og Industriarbeidarmuseet, og avslutta dagen med middag på Kløver.

Sogelaget har starta arbeidet med å prøva og få reist eit minnesmerke etter stortingsmann 1814, Rasmus Viland, saman med bygdelaget i Ilsvåg.

Julamøtet vart i år halde på Imsland bygdahus med vanleg godt frammøte. Steinar Aalvik kåserte og "Syng og spel" bidrog med musikk til underhaldning og allsong. Tomas Finnvik presenterte 2015-utgåva av Vindetreet. Det vart servert rømmegraut med spekemat og etterpå kaffi og kaker.

Det har vore kontakt med Ølen og Bjoa sogelag om mogeleg samarbeid eller samanslåing.
Styret meinar samanslåing ikkje er aktuelt nå, men ser positivt på eit nærare samarbeid.

Laget hadde i år 85 betalande medlemmer. I ein vervekampanje på julamøtet fekk vi fem nye  medlemmer  neste år.


 

Årsmelding for Imsland, Vikedal og Sandeid sogelag 2014.

Årsmøtet vart halde i fellesstova på Vikedalstunet 10. mars 2014. 31 medlemmer møtte.
Etter valet ser styret slik ut:
Torgeir Øverland, leiar
Andreas Rosså, nestleiar
Theodor Imsland, kasserar
Audhild Rønnevik, skrivar
Asbjørn Larsen, styremedlem
Ola Gjerde, styremedlem
Revisor er Jan Børretzen

På årsmøtet orienterte Kari G. Hempel og Arne Langhelle om arbeidet med bygdebøkene for Vikedal, Sandeid og Vikebygd som nå er under arbeid. Arne Langhelle fortalde om korleis ein kan finna kjelder på nettet.

Søndag 7. september arrangerte laget ei historievandring til Koladal  og husmannsplassen Juvet i Fjellgardane i Vikedal. Omlag 50 personar møtte, og kunne få kjøpa rømmegraut og kaffi. Ola Vikedal fortalde om husmannsplassane Juvet og Rindå. Harald Stølsmark fortalde om slekta si i Koladalen.

Saman med dei andre sogelaga i kommunen, har laget vore med på å samla gamle bilete som skal visast på markeringa av grunnlovsjubileet 4. november.

Julamøtet 2013 hadde me på Vikedal Bygdahus. Frammøtet var også i år veldig godt med over  100  deltakarar. ”Syng og spel” stod som vanleg for song og musikk  og  Anne Berit Skipevåg Tveit fortalde om husmannsplassane på Fjellgardane i Vikedal.  Til slutt presenterte Tomas Finnvik Vindetreet 2013.   Det vart servert rømmegraut, kaker og kaffi.

Medlemstalet er i år 80.


 

Årsmelding 2013, Imsland, Vikedal og Sandeid sogelag.

Årsmøtet vart halde i fellesstova på Vikedalstunet 26. februar. 26 medlemmer møtte. Under valet vart det gjenval på Andreas Rosså som leiar for 1 år og på Theodor Imsland og Torgeir Øverland som styremedlemmer for 2 år.
Etter valet ser styret slik ut:    
Andreas Rosså, leiar
Anne Marie Håvardsen
Teodor Imsland
Torgeir Øverland
Lars Vormestrand
Tone S. Andreassen
Varafolk er Tomas Finnvik, Ola Gjerde og Asbjørn Larsen.
Revisor er Jan Børretzen

På årsmøtet møtte og Nils Olav Østrem og dei to bygdebokskriverane. Det er Arne Langhelle som skal skriva gards- og grendahistorien og Kari Hempel som skal skriva om folk og ættesogedelen. Manuset skal vera ferdig i 2015

Etter årsmøtedelen  kåserte Ola Vikedal om livet til Peder Pedersen Lundestøl som var fødd på Stord og levde mesteparten av livet sitt der. Han førde dagbok over livet sitt. Rundt 1890 reiste han til Sandeid/Vikedal der han var lensmannsdreng i tillegg til at han var lærar. Han sleit hele livet med gjeld og kom tilbake til bygdene her på tiggarferd i 1908. Resultatet vart 80 kroner og 32 øre.

Julamøtet 2012 hadde me på Imsland Bygdahus. Frammøtet var også i år veldig godt med over  70  deltakarar. ”Syng og spel” stod som vanleg for song og musikk  og  Eli Opsal  kåserte om aldersheimen i Vikedal.  Til slutt presenterte Tomas Finnvik Vindetreet 2012.   Det vart servert rømmegraut, kaker og kaffi.
Dette året er det 150  år sidan komponisten George Washington Magnus vart fødd i Hogganvik. Sogelaget har støtta markeringa på Vikedal Bygdemuseum med 3000 kr.
Medlemstalet held seg stabilt på rundt 90 medlemmer.


Årsmelding 2012

Årsmøtet vart halde i fellesstova på Vikedalstunet 27. mars.

Etter valet ser styret slik ut: 

Andreas Rosså, leiar

Anne Marie Håvardsen

Theodor Imsland

Torgeir Øverland

Lars Vormestrand

Tone S. Andreassen

Varafolk er Tomas Finnvik, Ola Gjerde og Asbjørn Larsen.

Revisor er Jan Børretzen

Vindetreet har bede om at laget betaler kr 50 for kvart blad medlemmene får. Årsmøtet vedtok å heva kontigenten til 250 kroner.

Etter årsmøtedelen  kåserte Tomas Finnvik om bruk av vasskraft gjennom tidene. Han fortalde om oppgangsagene som det var mange av langs Vindafjorden fram til sirkelsaga kom rundt 1860.   Det var og mange kvernhus i bekker og elvar og han kjende til 7 på sørsida av fjorden og 19 på nordsida.

Etter seminaret om busettinga i Bjørndalen har me fått laga eit DVD-sett  frå seminaret. Mange bestillte dette  under seminaret og me har fått laga rundt 40 sett.

Julamøtet 2011 hadde me på Sandeid Samfunnshus. Frammøtet var også i år veldig godt med over  70  frammøtte. ”Syng og spel” stod som vanleg for det musikalske innslaget og denne gongen hadde me fått Jone Laugaland til å kåsera om fjordabåtane i Ryfylke.  Sjølv om det ikkje var så mange åra sidan sist han var hos oss, var det stor interesse for temaet. Til slutt presenterte Tomas Finnvik Vindetreet 2011.  Det var den 20. utgåva av Vindetreet og jubileumsutgåva var ekstra innhaldsrik. Det vart servert betasuppa, kaker og kaffi.

I januar hadde me besøk av Oddgeir Bruaset som presenterte den siste boka si ”Det veglause folket i Rogaland”. Her vart det fullt hus med 110 frammøtte. Det vart servert kaffi og kringle og Bruaset selde og signerte bøker.

Sogelaget har for tida 91 medlemmer.