Vindetreet 2025 er nå lagt ut for sal.
- Detaljar
Vindetreet er å få kjøpt i bokhandelen i Ølen, Aksdal, Sand og Ark i Haugesund, og i alle matbutikkane i kommunen. Prisen på boka er kr 280,-.
Her finn du komplett liste over salstader. Du kan også bestille boka på e-post
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller telefon 91753446 og få ho tilsendt i posten Her kan du også melde deg på eit fast abonnement og du kan bestille tidlegare årgangar av Vindetreet og Segn og Soge.
Sogelaga deler som før ut eit eksemplar til alle sine medlemmer, og dei faste abonnentar får tilsendt boka vedlagt faktura i god tid før jul.
Som tidlegare vil du finna artiklar og bilete frå alle dei 9 bygdene i Vindafjord. Mange av artiklane har vi fått tilsendt frå folk utanom redaksjonen. Vi takkar alle forfattarane for deira bidrag, og oppfordrar fleire til å senda oss stoff.
Vi vil også takka alle annonsørane våre som gir eit godt bidrag til økonomien vår. Bruk dei gjerne.
Nytt om Vindetreet
- Detaljar
13. mars vart det halde årsmøte i Vindetreet hos Omega i Ølensvåg.
Etter konstituering ser styret nå slik ut:
Liv Hovland Ruud, leiar (vald for eitt år)
Olav Velde, nestleiar
Anne Lise Døvik, sekretær
Lars Dalen, økonomiansvarleg (ny)
Ingrid Mathilde Sørvåg (ny)
Anders Haugland
Theodor Imsland
Varamedlemer:
Liv Hoff Imsland, Einar Askeland og Torgeir Øverland
Det vart også informert om at Ingrid Mathilde Sørvåg går inn som nytt medlem i redaksjonen med ansvar for Vikebygd
ÅRSMØTE, IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID SOGELAG
- Detaljar
På Vikedal Kro og Motell tysdag 20. februar kl 19.00
• Vanlege årsmøtesaker
• Tomas Finnvik fortel om hudskor
Alle medlemmer og andre interesserte er velkomne!
Side 1 av 7




