Dei tre sogelaga i Vindafjord hadde kalla inn til ekstaraordinære årsmøte den 6. juni 2018 hos Hatteland industrier i Åmsosen. Einaste saka på dagsorden var om Ølen og Bjoa sogelag skulle bli med i Vindetreet, og leggja ned Segn og Soge.

Det vart først halde eit felles orienteringsmøte med ordskifte, før sogelaga gjekk kvar til sitt og hadde formell avstemming. Følgande ordlyd vart vedteke i alle sogelaga:

"Årsmøtet godkjenner at sogeskrifta "Segn og Soge" og " Vindetreet " vert slegne saman til eitt sogeskrift som dekkjer Vindafjord Kommune, under namnet " Vindetreet ", frå og med 2018.

  1. Årsmøtet godkjenner framlegget til vedtekter for sogeskriftet " Vindetreet ", men ber om at vedtektene vert lagde fram for evaluering og mogelege endringar når ein har fått røynsle med drifta."

Her finn du Referat frå møtet og dei nye Vedtektene.

Etter samanslåinga har redaksjonen desse medlemmene, med opplysning om bygda dei er kontaktperson for:

Lars Dalen  Ølen

Anne-Lise Døvik Sandeid

Tomas Finnvik Imsland

Theodor Imsland Imsland

Gunnar Listog Vikebygd/Skjold

Anne Berit Skipevåg Tveit Vikedal

Olav Velde Vats

Nils Olav Østrem Skjold

Torhild Hanssen  Bjoa

Terje Lunde  Ølensvåg

Du finn meir informasjon under "Kontakt oss"