Skjold og Vats sogelag arrangerer kurs over tre kveldar.
Første kurskveld torsdag 14.09. kl. 19.00. i Skjold arena.
Treng ikkje ta med utstyr ved oppmøte.
Dei to neste kurskveldane blir 21.09. og 5.10.
Pris kr. 150,- pr. kurskveld.
Kursleiar er Thor Håkon Nordahl.
Påmelding til Jone Hatteland tlf. 911 01 617 innan 11.09.

Sogelaget arrangerer tur til Bjønnstien søndag 3. september.

Oppmøte kl 12.30 på Roalkvam der vegen er merka med skilt og parkering.

Turen er 2,5 km og tek omlag halvannan time. Saft blir servert undervegs.

Vel framme på Bjønnstien vil

• Ola Vikedal fortelja om staden og folket som levde der
• Vi tenner grillen, så ta med grillmat eller anna niste
• Sogelaget kokar kaffi og spanderer kaker

Verforbehold. Ring evt. 47843289

Imsland, Vikedal og Sandeid sogelag

Informasjon om torvhusa på Helgeland og demonstrasjon av torvskjering.
Servering av kaffi og lappar.
Kjør opp Fjellstølsvegen. Fordel med støvlar/fjellsko.

Verforbehold. Ring evt. 94873608/91753446

Imsland, Vikedal og Sandeid sogelag

Brevopplesing i Longårsdalen laurdag 22. august
Ta turen til Longårsdals-hytta laurdag 22.8. Klokka 13 les Nils Olav Østrem og andre opp 150 år gamle, historiske brev frå Longårsdalen, sende derifrå til Agatunet i Hardanger.
Husmannen Styrk Sjurson i Longårsdalen skreiv frå midten av 1800-talet og framover brev til dottera Guri og svigersonen Johannes Aga i Ullensvang. Ti av breva hans er nyleg gjenfunne. Dei gir glimt av og informasjon om livet i Longårsdalen og blir presenterte og lesne frå i Longårsdalshytta laurdag 22. august frå kl. 13 til 15.

"Vi har i den senere Tid havt bedre Lykke med vore Kreature, som Ulven nu mer har skaanet..." (brev datert 24.6.1861)

Ein finn merka ruter til Longårsdalen i Vindafjord Kommune sitt turkart HER

Med vennleg helsing
Skjold og Vats sogelag