I Vindetreet for 2011 hadde Audun Heggebø ein artikkel med tittelen ”Skulegang og hybelliv i krigsåra”. Irma Balle, nå busett i Colorado, USA, gjekk på den same skulen, St. Svithuns Skole i Stavanger. Gjester frå Noreg hadde med seg Vindetreet for 2011, der ho las artikkelen. Ho sende ei hyggeleg helsing til redaksjonen for bladet og ein lang og detaljert artikkel om sine tankar og opplevingar som skulejente (13 – 15 år) i den dramatiske tida frå 9. april 1940  og dei følgjande krigsåra. Artikkelen er på engelsk og er ført i pennen av dotter hennar, Irene Siri Aksland Freckleton. Artikkelen er for lang til å bli trykt i bladet, men er så interessant at vi legg han ut her både i engelsk og norsk språkdrakt. Oversetjinga er gjort av Audun Heggebø.

Då krigen braut ut evakuerte Irma Balle sin famile til Galteger i Imsland, kor onkelen Selmer Balle og kona Gurine budde. I  ein oversikt frå 5. mai 1945 laga av lensmannen i Vikedal, budde det i alt 9 evakuerte personar på garden då, alle nær slekt.

Engelsk versjon: Through the Eyes of a Child

Norsk versjon: Sett gjennom barneauge